Ungdom og gaming

Tal frå Medietilsynet viser at 96 prosent av gutar og 76 prosent av jenter i alderen 9–16 år speler spel på PC, Playstation, Xbox, mobil eller DS. Fleire gutar speler spel i alle aldersgruppene. Talet på gutar som speler spel på PC, aukar med alderen, og fleire gutar seier dei har spelt spel med aldersgrense 16 og 18 år enn det jentene gjer.

Det har vore mykje fokus på at ungdommar, og særleg gutar, speler for mykje dataspel. Å bli hekta på nettspel kan gå ut over fritidsaktivitetar, venner, familie og skuleprestasjonar. Det er heller ikkje nokon ønskesituasjon å gå glipp av eksamen og måtte ta opp att klassetrinn fordi ein bruker tida på å spele heile natta og sove om dagen. Dette må ein prøve å unngå.

Heldigvis finst det òg fleire fordelar med dataspeling, og mange av ungdommane som bruker mykje tid på nettspel, viser seg òg å prestere sterkt i engelsk på skulen.

FAKTA

Derfor blir gamarar gode i engelsk:

  • Mange bruker mykje av fritida på å høyre på engelsk musikk og sjå på engelskspråklege filmar.
  • Mange av nettspela er på engelsk, og spelarane må lese instruksjonar og samarbeide med andre ved å skrive og snakke engelsk.

Gamarar blir gode i engelsk

Ein studie utført blant svenske niendeklassingar viser at elevane som speler dataspel meir enn fem timar i veka, er gode i engelsk, og at dei òg får betre karakterar enn elevane som ikkje speler spel.

Studien viser òg at nettspela World of Warcraft og Counter-Strike er dei mest populære spela blant gamarane. Både WoW og CS er såkalla massively multiplayer online games, og spelarane må kommunisere og/eller samarbeide med andre gamarar verda over for å komme seg vidare til neste nivå. Begge spela skjer på engelsk, og spelarane må derfor både skrive og snakke engelsk for å kommunisere med dei andre deltakarane, noko forskarane trur kan vere årsaka til at gamarar er gode i engelsk.

Forskar Lisbeth Brevik ved Universitetet i Oslo har òg forska på elevar i den norske vidaregåande skulen. Ein av studiane hennar viste at ei gruppe elevar på vidaregåande som presterte svakt i norsk lesing, samtidig hadde over snittet gode leseferdigheiter i engelsk. Brevik ønskte å finne årsaka til dette, og fortel til forskning.no at ho intervjua fleire norske ungdommar som skåra svakt på norsklesing, men godt over middels på engelsklesing. Alle ungdommane ho prata med, var gutar.

Brevik fann ut at gutane som gjorde det bra i engelsk, var gamarar som brukte mykje tid på nettbaserte dataspel kvar dag. Gutane brukte chattefunksjonane og leste instruksjonar for å både kunne skrive og snakke engelsk med motspelarar frå heile verda, fortel ho til forskning.no.

Les mykje engelsk på fritida

Gutane som brukte mykje av fritida på nettspel, såg òg på engelskspråklege filmar, høyrde på engelsk musikk og leste engelske nyhende på Facebook. Brevik seier til forskning.no at denne gruppa har valt ei engelskspråkleg fritid, og meiner det er bra for utviklinga av språket.

Kjelde:?Medietilsynet/forskning.no/ Pia Sundqvist & Peter Wikström, Out-of-school digital gameplay and in-school L2 English vocabulary outcomes, samandrag.