Vidaregående opplæring

Kven får stipend og lån?

Elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring kan søkje om stipend og lån i Lånekassen. Vilkåret for å få stipend og lån er at du har fått plass ved ein skule eller har fått læreplass, og at du har byrja på skulen eller i bedrifta. Les mer på lanekassen.no om hvordan du kan søke.

Elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar i vidaregåande opplæring som ikkje har ungdomsrett kan også søkje om stipend og lån frå Lånekassen, men må bruke søknaden for høgare og anna utdanning.

Dersom du er utanlandsk statsborgar, kan du også ha rett til stipend og lån. Flyktningar kan på visse vilkår få flyktningstipend til grunnskule og vidaregåande opplæring utenlandske statsborgere på lanekassen.no.

Kva kan du få?

Du kan blant anna ha rett til utstyrsstipend, inntektsavhengig stipend, bortebuarstipend og reisestipend frå Lånekassen. I artikkelen «Disse stipendene kan du søke om på videregående» kan du lese meir om kva for stipend som finst for elevar i vidaregåande skule, og kva for nokre stipend du har krav på.

Høgare utdanning og folkehøgskular

Kven får stipend og lån?

For at du skal få stipend og lån til høgare utdanning, må du oppfylle desse krava:

  • Du må vere teken opp som student ved ein lærestad og ha rett til å gå opp til eksamen.
  • Du må ha generell studiekompetanse eller opptak på grunnlag av realkompetanse.
  • Hovudregelen seier at du må vere norsk statsborgar, men det finst unntak. Er du utanlandsk statsborgar, avheng retten til stipend og lån av kva slags tilknyting du har til Noreg, og på kva grunnlag du har fått opphald i landet.
  • Det er eigne reglar og krav for studentar som tek utdanninga i utlandet. Les mer om regler for de som tar utdanning i utlandet på lanekassen.no.
  • Elevar på folkehøgskular kan også få stipend og lån frå Lånekassen. Les mer på lanekassen.no.

Kva kan du få i lån og stipend?

  • Du kan få 123 519 kroner i basislån for elleve månader med fulltidsutdanning i studieåret 2020–2021.
  • Til folkehøgskule kan du få basislån i ti månader.
  • Heile basislånet til høgare utdanning blir utbetalt som lån, men inntil 40 prosent av lånet kan bli gjort om til stipend dersom du ikkje bur heime når du studerer.
  • Du må også ha inntekt og formue under Lånekassen sine grenser, for å få full omgjering. Les mer på lanekassen.no

Omgjering av lån til stipend

Frå og med studieåret 2019–2020 vart reglane for omgjering av lån til stipend endra, men berre for studentar som tek høgare utdanning, til dømes ved universitet og høgskular. Dei som tek høgare utdanning, kan få 25 prosent av lånet omgjort til stipend etter kvart som dei består eksamenar, og 15 prosent av lånet omgjort til stipend etter å ha bestått ein heil grad.

Både inntekta og formuen din avgjer framleis kor mykje av omgjeringslånet ditt som kan gjerast til stipend. Er inntekta eller formuen din høgare enn grensene, får du mindre stipend

Omgjeringa skjer etter at du har bestått eksamen eller ein grad, og først når Lånekassen har fått opplysningar om inntekt og formue frå skatteetaten.

Tek du utdanning ved ein fagskule eller ein folkehøgskule?

Då gjeld eigne reglar for omgjering. Les meir om omgjeringsordninga på lanekassen.no.

Nyttige lenkjer

  • lanekassen.no finn du meir informasjon om stipend og lån, og om korleis ein betaler tilbake lånet.
  • Dine sider på lanekassen.no kan du også sjekke om søknaden din er behandla, kor mykje du har fått, eller kor lenge du må vente på svar. Her får du også opplysningar om gjelda di.
  • Nedbetalingskalkulator -rekn ut korleis lånet skal betalast tilbake.