Snakk med nokre vaksne du stoler på. Det er hjelp å få i Noreg, men det er vanskeleg å hjelpe deg i utlandet.

Tvangsekteskap er forbode i Noreg. Det er òg forbode å ta nokon som bur i Noreg med til utlandet og tvangsgifte dei der. Det tyder at familien din ikkje har lov til å ta deg med til eit anna land for å gifte deg bort utan at du vil.

Frå du er 12 år, har du rett til å seie nei til å flytte eller opphalde deg i utlandet utan foreldra dine.

Ikkje reis! Få hjelp i Noreg

I Noreg kan du få hjelp om du fryktar at du skal bli utsett for tvangsekteskap eller annan vald i utlandet. Du kan òg få hjelp om du fryktar at du ikkje får komme tilbake igjen til Noreg. I utlandet er det mykje vanskelegare å hjelpe deg!

Det er fleire grunnar til at det er vanskeleg for norske styresmakter å hjelpe deg i utlandet, mellom anna kan det vere vanskeleg på grunn av tryggleikssituasjonen i ein del land.

FAKTA

Om du fryktar du vil bli utsett for tvangsekteskap, vald eller fryktar å bli etterlatt i utlandet utan at du vil: – IKKJE REIS, søk hjelp i Noreg!

Om du MÅ reise, så ta med ekstra pengar og kopi av passet ditt. Gøym dette godt! Lær deg telefonnummer til næraste ambassade.?

Raudekrossen – telefonen mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting Tlf.: 815 55 201, måndag–fredag kl 09.00–16.00

Les meir på bufdir.no

Har du spørsmål om tvangsekteskap? Du kan stille spørsmål og få svar anonymt på www.ung.no/oss. Du vil få svar så fort som mogleg, innan ei veke.

Det kan òg vere vanskelegare for ambassaden å hjelpe deg om du både er norsk borgar og statsborgar av det landet du besøker.

Det er foreldra dine som har ansvar for deg om du er under 18 år, dette gjeld òg i utlandet.

Om du er bekymra i samband med ei utanlandsreise, er det difor viktig at du snakkar med nokre vaksne som du stoler på her i Noreg. Du kan snakke med rådgivar eller lærar på skulen, du kan snakke med helsesøster, eller med barnevernet eller politiet. Du kan òg ringe Raudekross-telefonen om tvangsekteskap og kjønnslemlesting som kan gi deg gode råd og hjelp.

Om du likevel reiser:

  1. Snakk med ein vaksen du stoler på før reisa, og fortel kva du fryktar kan skje.
  2. Legg igjen kopi av pass, billett og adresseopplysningar hos skulen, barnevernet, politi eller andre du stoler på.
  3. Ta med ekstra pengar og kopi av passet ditt. Gøym dette godt.
  4. Avtal jamlege telefonsamtalar eller kontakt via Internett med ein person i Noreg du har tillit til.
  5. Noter telefonnummer og e-post til den norske ambassaden som ligg i det landet du skal dra til. Det er lurt å lære dette utanåt – lappar kan bli borte.
  6. Mobiltelefon med kontantkort verkar ikkje i utlandet. Du må skaffe deg eit lokalt abonnement når du kjem til reisemålet.

 

KOR KAN DU VENDE DEG?

I Noreg:

Raudekrossen – telefonen om tvangsekteskap og kjønnslemlesting

Tlf.: 815 55 201

(Måndag–fredag kl. 09.00–16.00)

E-post: info.tvangsekteskap@redcross.no

Kompetanseteamet mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting:

Tlf.: 47 80 90 50

(måndag – fredag kl. 09–15)

E-post: kompetanseteamet@bufdir.no

Alarmtelefonen for barn og unge

Tlf.: 116 111

Er open når barnevernstenesta har stengt: Frå kl. 15.00–08.00. Helger og heilagdagar er alarmtelefonen døgnopen, sjå òg www.116111.no

Barneverntenesta

Du finn kontaktinformasjon på nettsida til kommunen din

Oslo Barnevernvakt, døgnet rundt:

Tlf.: 22 70 55 80/81,

Mob.: 928 38 328 / 480 16 832

Politi:

Direktenummer: 02800

Naudnummer: 112

I utlandet:

Er du i utlandet og treng hjelp? Ta kontakt med næraste norske ambassade, eller meld frå til nokon du stoler på.

www.norway.info kan du finne adresse, telefon og e-postadresse til næraste ambassade eller konsulat. Om ambassaden er stengt, vil du automatisk bli kopla over til Utanriksdepartementets operative senter, det er ope heile døgnet.

Du kan kontakte kva som helst ambassade i utlandet via Utanriksdepartementets operative senter (UDops) på telefon +47 23 95 00 00 eller på e-post UDops@mfa.no

På nokre ambassadar (Amman, Nairobi, Islamabad, Ankara) jobbar det integreringsrådgivarar med spesialkompetanse på tvangsekteskap, kjønnslemlesting, æresrelatert vald og unge som er ufrivillig etterlatte i utlandet.

Du kan òg ringe Alarmtelefonen for barn og unge utanfor Noreg, tlf.: +47 95411755

Har du spørsmål om tvangsekteskap?

Du kan stille spørsmål og få svar anonymt på www.ung.no/oss. Du vil få svar så fort som mogleg, innan ei veke.

Les meir på bufdir.no

Kjelde: Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet