Her er 10 tips til korleis du kan få nye vener:

1. Eksponer deg for nye folk

Nøkkelen til nye venar er nye folk. Om du startar på ein ny skule vil det vere mange nye folk der som du kan prate med, og/eller du kan bli med på fritidsaktivitetar som interesserer deg. Det er nye folk overalt, potensielle vener.

2. Sei hei til nye folk

Å eksponere seg for nye folk hjelp lite om du ikkje pratar med dei! Ein god regel uansett er å seie hei til alle du møter, for å vere hyggjeleg. Kanskje fører det til ein samtale? Då har du i alle fall tatt det første steget!

3. Augekontakt og smil

Kroppsspråk og utstråling er svært viktig for korleis folk ser deg, og om du smiler mykje og får augekontakt med folk vil dei like å vere i nærleiken av deg.

4. Ver sjølvsikker

Når du er open og pratar med alle, vil folk prate tilbake. Dersom du er sikker på deg sjølv, er det lettare for andre å vere med deg. Du signaliserer at du er interessert i sosial kontakt.

5. Lat som om du ikkje er sjenert

Når du er omringa av framande vil du kanskje oppleve det som litt skummelt å skulle smile og seie hei til alle, men dersom du latar som at du ikkje er sjenert vil du klare å lure hjernen din, slik at du blir mindre sjenert!

 

Rakel er Snapchat- journalist for ung.no. Følg oss der for flere gode tips!

Se Rakels story om å få nye venner her:

6. Ver modig og start ein samtale

Dei aller fleste vennskap byggjer på like interesser. Andre kjem du berre godt overeins med. For å finne ut kven som er interesserte i det same som deg, må du snakke med andre, og jo før, dess betre. Ta mot til deg og still nokon eit spørsmål om kva som helst. Om det så er i køen på matbutikken, i garderoben før trening eller i eit friminutt, kvar har ingenting å seie.

7. Rekk opp handa i timen

Munnleg aktivitet i timen er bra uansett, men visste du at det også kan hjelpe deg til å få venar? Når du rekker opp handa og pratar verkar du interessert og engasjert. Folk legg meir merke til deg enn dei elles ville ha gjort. Dessutan er det god trening å gå litt ut av komfortsona og prate meir enn du kanskje er vand med.

8. Utveksle sosiale media med andre

Sosiale media er til stor hjelp om du vil vere sosial. Du kan lettare prate med folk som du elles ikkje pratar så mykje med, eller du kan oppretthalde kontakten med nokon du nettopp møtte. Add vedkommande på til dømes Snapchat eller Facebook, og spør om de kan møtest igjen?

9. Ver positiv

Dei aller fleste av oss vil helst vere saman med nokon som gjer at vi kjem i betre humør. Sprei mykje glede rundt deg, så vil folk assosiere deg med å vere glad! Dessutan blir du i mykje betre humør sjølv ved å ha eit positivt tankesett. Gje kompliment til dei rundt deg, le og fortel vitsar eller berre sjå den lyse sida ved ting. Uansett vil folk leggje merke til det. Ein god regel: Ver den energien du har lyst å trekkje til deg.

10. Ver deg sjølv!

Sist, men ikkje minst: ver deg sjølv! Den beste måten å vere sjølvsikker på er å vere seg sjølv, og øve seg på å vere fornøgd med å vere den du er. Gode venar er dei som likar deg slik du er, og for å finne dei venane må du vere deg sjølv. Berre på den måten vil du finne folk som du kjem godt overeins med, deler interesser med og kan stole på.