Tenk om du var venen din

Du er kanskje redd for at venen din skal bli bekymra, såra eller sint. Men prøv å tenkje på det slik: Dersom du var venen din, ville du sikkert sett pris på ærlegdom, og at venen din kjende seg trygg på deg og stolte på deg.

Ha god tid og ver på rett stad

Når de skal planleggje å møtast, bør du unngå å seie at det er noko de må prate om. Det kan lett føre til at venen din går og kvir seg til samtalen, eller blir veldig bekymra.

Tenk på kvar og når du vil ha samtalen. Det burde vere i ein situasjon der de har god tid, og på ein plass det ikkje er andre folk. Kanskje kan de møtast heime hos ein av dykk?

Det kan vere ein fordel å ikkje ha planlagt ting de skal gjere etterpå, men berre møtast for å henge saman og ta det med ro. Det kan følast vanskelegare å ta opp noko som plagar deg, dersom de er opptekne med noko anna gøy.

 

FAKTA

  • Å vere ærleg og dele det som er vanskeleg, viser at du lit på venen din.
  • Ha god tid, ver på ein roleg stad og ikkje ha nokon planar etterpå.
  • Gje rom for venen din sine kjensler i samtalen.
  • Snakk med nokon andre du er trygg på først, dersom det er noko alvorleg.
  • Du vil kjenne deg betre etterpå, og venskapet kan kome styrkt ut av det.

Kva skal eg seie?

  • Du kan opne samtalen ved å seie at det er noko du treng å ta opp, og at du synest det er vanskeleg å snakke om det. Slik førebur du venen din på å ta imot noko litt tungt. Alt etter kva de snakkar om, kan det vere greitt å seie at du skjønar at hen blir lei seg eller sint, og at det er greitt. Gje rom for kjensler.
  • Når de pratar saman, er det viktigaste at du er ærleg og venleg. Gje rom for at venen din kan seie kva hen tenkjer, og lytt til kva hen har å seie.
  • Avslutt samtalen ved å seie at om venen din har behov for å prate meir om det, så kan de det. Det er viktig å ikkje leggje lok på ting.

Dersom de har snakka om noko som er vanskeleg for deg, er det mogleg at venen din ikkje veit heilt kva hen skal seie og blir litt stum, sjølv om hen bryr seg om deg. Det er greitt.

Handla praten om eit problem som venen din har, bør du føreslå at hen kan ta kontakt med helsesjukepleiar eller nokon andre som er til å lite på. Du må også vere klar på at det de snakkar om, må bli mellom dykk to. Det blir tryggande for dykk begge. Sei gjerne til venen din at du er der for hen.

Er det noko alvorleg? Snakk med nokon andre først

Dersom det du vil ta opp er veldig vanskeleg å snakke om, kan det vere lurt å ha snakka med nokon andre du er trygg på først. Du kan snakke med helsesjukepleiar på skulen din, ein vaksen du lit på, eller du kan ta kontakt med ein hjelpetelefon/-chat.

Dersom det du skal ta opp handlar om korleis venen din har det, er det lurt å unngå å fortelje om det til andre vener. Skal du rådføre deg med nokon andre, er det viktig at det ikkje er nokon som kan kome til å seie det vidare. I nokre tilfelle kan det vere lurt å ikkje fortelje kven det gjeld, men berre seie at det gjeld ein ven av deg.

Det kjem til å kjennast betre etterpå

Det er heilt naturleg å kvi seg. Men det som kjennest verst, er kanskje tida før de pratar saman. Når du har hoppa i det, er det godt mogleg at du kjenner deg letta.

Eit venskapsband vil også styrkjast av at de har vore gjennom vanskelege ting saman. Kanskje vil de kjenne dykk tryggare på kvarandre, fordi de veit at de kan ta opp ting som er vanskeleg og tør å vere opne og ærlege.