Kva kan du velje?

Vidaregåande opplæring bygger på 10. steg i grunnskulen. Når du har fullført den vidaregåande opplæringa, vil du få studiekompetanse, yrkeskompetanse eller grunnkompetanse. Du kan velje mellom åtte yrkesfaglege utdanningsprogram og fem studieførebuande utdanningsprogram. Du finn eit godt oversyn over alle studieprogramma på www.vilbli.no. Du kan òg lese meir om kvart utdanningsprogram i artikkelen Hvilket utdanningsprogram skal du velge?

 

1. Studieførebuande utdanningsprogram:

  • Alle desse utdanningsprogramma har eit 3-årig opplegg.
  • Hovudvekt på teoretisk retta undervisning.
  • Du oppnår generell studiekompetanse, eventuelt generell studiekompetanse med fordjuping i realfag.
  • Etter vidaregåande kan du søke studium ved høgskular og universitet og dessutan studium i utlandet.

For å søke høgare utdanning ved universitet eller høgskule etter vidaregåande treng du det som heiter generell studiekompetanse. Nokre gonger er likevel ikkje generell studiekompetanse nok. Enkelte utdanningar ved høgskular og universitet krev spesielle opptakskrav.

Døme på utdanningar som krev fordjuping i realfag:

Mellom anna medisinstudiet (lege), odontologi (tannlege), veterinær, ingeniør, nokre utdanningar innanfor økonomi og alle utdanningar innanfor realfag.

Døme på utdanningar som krev bestått opptaksprøve: 

Mellom anna politiutdanning, kunstfag som design, musikk, dans og skodespelar, nokre av studiestadene som tilbyr arkitektutdanning.

Les meir om generell studiekompetanse og spesielle opptakskrav i artikkelen Hva er generell studiekompetanse? Sjå òg www.samordnaopptak.no for meir informasjon.

 

FAKTA

Korleis søke vidaregåande skule?

  • Du søker vidaregåande skule på nettstaden www.vigo.no.
  • Du treng kodane til MinId for å søke.
  • Rådgivaren på skulen din kan hjelpe deg med det praktiske – og du har rett til god rådgiving om utdanningsval.
  • Den ordinære søknadsfristen er 1. mars.
  • Nokre har søknadsfrist 1. februar. Om dette gjeld deg, vil du få melding av skulen din og hjelp til søkinga.


Nyttige ordforklaringar
  • Utdanningsprogram = studieretning i vidaregåande skule.
  • Yrkesfag = utdanning fram mot eit yrke etter vidaregåande.
  • Studieførebuande = utdanningsprogram som gir generell studiekompetanse.
  • Generell studiekompetanse = inngangsbilletten til høgskular og universitet
  • Lærling = opplæring i bedrift.

2. Yrkesfaglege utdanningsprogram:

  • Du utdannar deg til eit yrke på vidaregåande, og du får yrkeskompetanse.
  • Normalt 2 år skule, deretter 2 år opplæring i bedrift (læretid). Nokre yrkesfaglege utdanningsprogram har lengre læretid enn dette, mens andre kan vere 3-årige opplegg.
  • Mykje praktisk retta undervisning.
  • Lønn i læretida.
  • Kan ta påbygg til generell studiekompetanse etter fullført yrkesfag, og dermed oppnå ein dobbelkompetanse (studiekompetanse og yrkeskompetanse).
  • Mogleg å ta påbygg til generell studiekompetanse etter Vg2 om ein ikkje ønsker yrkeskompetanse.

Kven kan søke?

Når du har fylt 15 år, vel og søker du sjølv vidare utdanning. Retten til vidaregåande opplæring er heimla i opplæringslova. Du kan lese meir om dette på www.vilbli.no. Sjå òg artikkelen Ungdomsrett = rett til videregående opplæring.

 

Usikker på kva du skal velje?

Du er ikkje åleine. Ofte tar det tid å komme fram til rett val. Det er heller ikkje uvanleg å skifte meining undervegs.

Bruk tid! – Skaff deg mest mogleg informasjon!

Alle har rett til å velje si eiga utdanning sjølv. DU må velje det som kjennest rett for nett DEG! Du har rett til ein skuleplass i vidaregåande, og du kan føre opp tre ulike utdanningsprogram i prioritert rekkefølge på søknaden. Du har ikkje rett til plass på førsteønsket, men du er sikra plass på eitt av dei tre utdanningsprogramma du set opp. Karakterane dine avgjer om du kjem inn der du helst vil.

Det er lurt å prate med nokon for å sortere tankar om val av utdanning. Snakk med rådgivar/studierettleiar på skulen. I tillegg kan familie og venner ha nyttige tips eller røynsler. Snakk òg med tidlegare elevar eller les elevintervju. Besøk skulane på «open dag». Stikk innom ei utdanningsmesse. Prøv hospitering på det utdanningsprogrammet du vurderer å søke. Leit etter informasjon på nettet, t.d. på utdanning.no og vilbli.no.

Når du veit meir om dei moglege vala, vil det òg vere lettare å bestemme seg.

Vel til slutt det du har lyst til, og som du er mest motivert for. Og vel gjerne ein bransje eller ei retning der du trur du vil lukkast, og få ein jobb du kan trivast med! Då er det er enklare å gjere det bra, og mindre sjanse for at du angrar på valet ditt seinare!

Om du likevel angrar på valet ditt, kan du ha rett til å vele utdanningsprogram om att. Sjå artikkelen Kan jeg bytte utdanningsprogram på videregående?