Kva er studiekompetanse?

Generell studiekompetanse er sjølve inngangsbilletten til å kunne studere på høgskule eller universitet. Studiekompetanse viser at du har dei grunnleggande kunnskapane og ferdigheitane til å byrje på høgare utdanning.

Du får generell studiekompetanse om du fullfører og består eitt av dei studieførebuande utdanningsprogramma på VGS. Men du som går yrkesfagleg utdanningsprogram, kan òg få studiekompetanse. Du kan ta det som heiter påbygging til generell studiekompetanse, ofte kalla påbygg.

På yrkesfaglege utdanningsprogram kan du utdanne deg til å jobbe i eit yrke, det vil seie at du får yrkeskompetanse. Men du som går yrkesfag, kan òg få studiekompetanse. Du kan anten ta påbygging i staden for å verte lærling og fullføre yrkeskompetansen, eller du kan velje å ta påbygging etter at du har fått yrkeskompetanse.

FAKTA

Du kan ta påbygging til studiekompetanse etter fullført Vg2 yrkesfag, yrkeskompetanse eller fag- og svennebrev. Påbygging gjev deg dei faga du manglar for å få studiekompetanse. Med generell studiekompetanse kan du søke deg vidare på universitet og høgskular. Sjå oversikt over skulane som tilbyr Vg3 påbygging til generell studiekompetanse her Kjelde: utdanning.no

Kva er påbygg til generell studiekompetanse?

Dette er rett og slett eit tilbod til deg som går på yrkesfag, og til deg som allereie har yrkeskompetanse, og som ønsker generell studiekompetanse. Etter å ha fullført påbygg er du kvalifisert til å søke på høgare utdanning ved høgskular og universitet, på lik linje med dei som har generell studiekompetanse frå eit studieførebuande utdanningsprogram.

Du «bygger på» fellesfaga du har hatt på yrkesfag, slik at du får same formelle grunnlag og kompetanse som dei som har gått på studieførebuande.

Påbygging kan vere eit ganske krevjande år, med mange teoretiske skulefag og mykje å lese og skrive. Men om du er innstilt på å jobbe godt med faga og er motivert til å fullføre, har du gode føresetnader for å klare det.

Når kan du ta påbygging?

  • Etter fullført og bestått Vg1 og Vg2 på eit yrkesfagleg utdanningsprogram:

Du kan ta Vg3 påbygging til generell studiekompetanse etter at du har fullført og bestått Vg1 og Vg2 på eit yrkesfagleg utdanningsprogram. På vg3 har du 30 timar i veka.

Etter dei to første åra på yrkesfag kan du altså ombestemme deg og ta Vg3 påbygging på tredjeåret. Då får du studiekompetanse på like mange år som dei som går studieførebuande. Om du tek påbygging i Vg3, oppnår du generell studiekompetanse og bruker opp ungdomsretten din på det.

  • Etter oppnådd yrkeskompetanse:

Du kan ta Vg4 påbygging til generell studiekompetanse etter at du har oppnådd yrkeskompetanse med fagbrev eller svennebrev, eller vitnemål.

Frå og med 2014 har alle som tek yrkeskompetanse rett til å ta vg4 påbygging til studiekompetanse i tillegg. Retten gjeld dei som fullfører yrkesutdanninga innan utgangen av det året dei fyller 24 år. Då får du både yrkeskompetanse og generell studiekompetanse. Du kan ta ut retten til vg4 påbygging når som helst, anten med ein gong eller etter å ha jobba nokre år.

Du får ikkje rett til vg4 påbygging om du har fritak for vurdering i eitt eller to av fellesfaga i yrkeskompetansen din. Det er fordi du treng alle fellesfaga for å få generell studiekompetanse til slutt.

Kan eg ta påbygg først, og så yrkeskompetanse?

Dette er vanskelegare. Om du tek yrkeskompetanse først, får du rett til å ta Vg4 påbygging. Men motsett veg, å ta Vg3 påbygging først og så yrkeskompetanse er ikkje like lett.

Når du har fullført Vg3 påbygging, har du nemleg brukt opp ungdomsretten din, og har ikkje rett til meir vidaregåande opplæring. Om du søker eit yrkesfagleg Vg3 i skule etterpå, kjem du nedst på søkelista.

Om du ønsker læreplass, er du framleis kvalifisert og kan skaffe deg læreplass på eiga hand. Utfordringa er at lærebedriftane får ein viss sum i økonomisk stønad for å ha deg som lærling, og dei får meir pengar for å ta inn ein lærling som har ungdomsrett. Derfor vel mange føretak dei ungdommane som har ungdomsrett. Dette er det lurt å tenke gjennom på førehand.

Kor mange fag må du ha?

Kor mange fag du må ha, avheng av om du går Vg3 påbygging eller Vg4 påbygging.

Vg3 påbygging:

Etter Vg1 og Vg2 på yrkesfag treng du desse faga:

  • Norsk, 10 timar i veka
  • Historie, 5 timar i veka
  • Naturfag, 3 timar i veka
  • Matematikk 2P-Y, 5 timar i veka
  • Kroppsøving, 2 timar i veka
  • Valfritt programfag, 5 timar i veka. Kva fag du kan velje mellom, avheng av kva skulen tilbyr.

Vg4 påbygging:

Om du har yrkeskompetanse, slepp du faga kroppsøving og valfritt programfag. Du manglar altså berre fire fag for å få generell studiekompetanse:

  1. Norsk, 10 timar i veka
  2. Historie, 5 timar i veka
  3. Naturfag, 3 timar i veka
  4. Matematikk 2P-Y, 5 timar i veka

For å sjå meir om kva fag og kva timetal du skal ha, kan du lese på vilbli.no, eller kontakte lærestaden der du vil ta påbygg. Du kan òg lese her på Samordna Opptak, eller snakke med rådgjevar på skulen din.

Påbygg som privatist

Om du ikkje vil eller kan følge vanleg undervisning, kan du ta faga du manglar som privatist, og få studiekompetanse på den måten. Så lenge du står i påbyggingsfaga, oppnår du generell studiekompetanse.

Sjølv om du kan lese på eiga hand, er det mange som har godt av ekstra oppfølging og undervisning. Om du ikkje får plass i ein klasse med påbygging, eller av ein annan grunn heller vil ta det som privatist, er det fleire privatskular som tilbyr påbyggingsfaga med undervisning. Denne undervisninga kostar ein del pengar. Du kan sjå prisar på nettsidene til privatskulane.

Læreplanane til faga du skal ha på påbygging, ligg her hos Utdanningsdirektoratet.

Støtte av Lånekassa til påbygg

Du kan få støtte av Lånekassa til å ta påbygging til generell studiekompetanse.

Kor mykje du får, avheng av om du har ungdomsrett eller ikkje. Har du ungdomsrett, kjem du inn under reglane for vidaregåande opplæring. Har du ikkje ungdomsrett, så får du stønad etter reglane for høgare utdanning.

Du kan lese meir om dette på sidene til Lånekassa.

Snakk med rådgjevaren din

Snakk med rådgjevar på skulen din om du lurer på meir om påbygging til generell studiekompetanse. Dei ulike fylka har òg ulike tilbod til korleis du kan ta påbygging – nokre tilbyr til dømes variantar med kveldsundervising. Sjekk vilbli.no for å sjå kva som finst i fylket ditt, eller snakk med rådgjevar.

skulane som tilbyr Vg3 påbygging til generell studiekompetanse herutdanning.no

Lykke til!