Spørsmål og svar

Kan eg kombinere Xanax og Postafen?

Jente, 18

Hei igjen. Eg spurte om postafen og xanax er farlig ilag å det var det, spurte fordi eg skal på ferien reise langt. Er det fortsatt farlig om eg tar postafen før eg skal køyre til Oslo på dagen så sove der til vi skal ta fly kl 6 på morningen, hadde tenkt å ta xanax før flyet fordi eg har veldig flyangst. Så det er over 12 timer i mellom. Går det fortsatt fint da eller burde eg velge mellom en av dei å ta?

Svar

Hei!

Vi på ung.no kan ikkje stille diagnoser. Og eg kan ikkje seie noko sikkert om dette, korleis tablettane verkar på akkurat deg, når eg ikkje kan undersøkje deg sjølv og ikkje veit meir om deg.

Men generelt er det slik at Postafen blir halvert i kroppen etter ca 6 timer (effekten kjem etter ca ein time). Men verkninga sit i kroppen i ca 12-24 timar.

Begge tablettane kan gi ein døsigheit (at ein blir sløv og "dempa") mellom anna. Viss ein kombinerer begge tablettane, kan ein få ein auka effekt av denne dempinga. Difor er det ikkje tilrådd å kombinere desse to tablettane, eller å ta dei nokonlunde samstundes.

Men du kan gjerne spørre legen din om dette, eller om alternative løysinger til reisa di.

Masse lukke til!

Alt godt! Venleg helsing lege, ung.no

Besvart: 27.5.2024

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål