Eg hooka med ein gut og ga han munnsex, kan eg ha blitt smitta av noko?
Gutt, 17
Hei, var på fest, og drakk litt for mykje. Eg endte opp med å hooke med ein 19åring fra Somalia. Eg gav han ubeskytta oralsex, og han prøvde å dytte inn penisen i rompa mi (uten kondom), men akkurat du han kom litt inn gjorde det veldig vondt, og eg sa at det funket ikkje. Etter dette stakk eg frå han. No dagen etter på er eg svært beskymret for om eg har fått ein kjønnsjukdom. Er det ein stor sjans for at eg har fått hiv, eller klamydia? Han var så vidt inni meg før det gjorde veldig vondt. - Mvh Ein svært beskymra dum tenåringsgutt.
Svar
Hei gut 17!
Det er ikkje rart at ein vert stressa for om ein har vorte smitta av noko etter å ha vore på fest, drukke og hatt sex utan kondom. Kanskje skammer ein seg litt fordi ein har drukke for mykje alkohol slik at ein har gjort noko ein angrer på eller kanskje ein kjenner seg usikker på om det ein har gjort kan smitte.
Kjønnssjukdommer, eller seksuelt overførbare infeksjoner, smitter om ein har slimhinnekontakt. Det betyr altså om ein har hatt ein penis i munnen eller i rompa. Har ein det, kan det ha skjedd overføring av smitte. Den einaste måten ein kan få sjekka ut dette, er å ta ein test. 
Du kan ta gratis test på helsestasjon for ungdom i kommunen din eller hos fastlegen din. Då er det ok å få tatt ei halsprøve og sjekke deg for gonore og ei prøve frå endetarmen for å sjekke deg for klamydia og gonore. Desse infeksjonene kan påvisast 14 dager etter ein har vorte smitta.
Risikoen for å ha vorte smitta med hiv og/eller syfilis er svært liten. Men, vert du veldig uroleg, kan du ta ei blodprøve på helsestasjon for ungdom eller fastlegen 12 veker etter at du kunne ha vorte smitta. Hiv og syfilis kan påvisast 12 veker etter ein har vorte smitta.
Snakk gjerne med helsesjukepleier om tips for korleis du kan ha sex utan å verte uroleg for smitte. Du kan og chatte anonymt med Sex og samfunn.
Håper svaret var til hjelp for deg.
Hilsen sexologisk rådgiver
Besvart: 18.2.2019
Oppdatert: 18.2.2019
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål