Spørsmål og svar

Kva skal eg gjere for ikkje å få slapp penis når kondomet er på?

Gutt, 14

Hei. Eg er en gutt på 14 år. Eg hsr kjæreste og hun er super sexy. Hver gang vi er ilag blir eg stiv. Men når vi skal ha sex men kondom er eg stiv når eg ligger vedsiden av henne, men med en gang eg kommer over henne er ikkje penisen min stiv. Hver gang dette sjer blir eg kjempeflau. Eg er redd att hus skal gjøre det slutt. Vist vi har sex uten konfom går alt som normalt. Har du nåken tips eller triks får eg skal vere stiv med kondom.

Svar

Hei gut 14!

Så flott at du ikkje har vansker med å få stiv penis når du er saman med kjærasten din. Det betyr at ingenting er gale med den og at den fungerer fint. 

Det er ikkje uvanleg at ein kan oppleve vansker med ereksjonen når ein byrjer å ha sex med nokon. Ein kan kjenne på prestasjonsangst og vere usikker på kva ein skal gjere. 

Opplever ein at ereksjonen svikter ein gong, vert ein som regel ikkje noko uroleg. Gjentek det seg fleire gonger, kan ein etterkvart verte meir stressa og lure på om det er slik det blir og så har det vorte eit mønster der ein forventer at det skal skje. For å bryte dette, er det viktig å få til gode opplevinger med kondom.

Ein start er å bruke litt tid på å finne eit kondom som passer din penis. Sidan peniser er veldig forskjellige i storleik, finnes det og fleire storleiker av kondomer. Er kondomet for stort, kan de skli av og gjere det vanskeleg å kjenne stimulering. Er kondomet for lite, strammer det og kan kjennast vondt ut. 

Når du har funne eit kondom som passer, kan du øve deg på å ta det på, kjenne korleis du føler det på penis og onanere. På den måten kan du venje deg til å kjenne igjen korleis ulike former for stimulering kjennast. Det å gjere seg kjend med kva som skal til for å få det godt gjer at ein få betre sjølvtillit og det igjen vil gjere det enklare for deg å få ereksjon og når du bruker kondom.

Hjelper ikkje dette svaret, er det ok å vite at helsesjukepleier på helsestasjon for ungdom i kommunen din er fin å prate med. Du kan og lese vedlagte artikler for fleire tips. 

Håper svaret var til hjelp for deg.

Hilsen sexologisk rådgiver 

Besvart: 18.3.2019

Oppdatert: 18.3.2019

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål