Eg har sett at ho baksnakker meg. Har ho lov til det?
Gutt, 14
Hei eg er ein gutt på 14 år og eg lurer nor eg snakker til lærern eller assistent så går ho assistent bort til læren min og snakker sammen nor eg har sakt at ho skal ikkje si nokke til ho eller han men ho gjør de heile tiden og eg har sett at ho baksnakker meg ja eg blir skilig forbanna!!,?? Har ho lov til de?.?
Svar
Hei!
Assistentar har teieplikt. Det er to unntak frå regelen; hvis du vedgår noko som er straffbart (med meir enn bøter), eller om ditt eller andre sitt liv og helse er i fare. Elles avgjer du sjølv kva assistenten skal kunne seie vidare til læraren din.
Baksnakking er ikkje lov, sjølvsagt. Det er negativ omtale, og skal ikkje skje i skulen.
Eg rår deg til å ta ein prat med assistenten - kanskje vise fram denne meldinga? Eller kanskje du vil ta ein prat med læraren din om saken. Eller du kan be ein vaksen ta det opp for deg (forelder/føresett).
Om du synes det er vanskeleg å ta det opp personleg, er det kanskje mogleg å be læraren fortelje litt generelt i klassen om kva teieplikt er? Og på eit tidspunkt då assistenten er i klasserommet. I ein KRLE-time til dømes. Lykke til!
Lærer/rådgiver, ungdomsskole, ung.no
Besvart: 27.5.2019
Oppdatert: 27.5.2019
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål