Er eg nødt til å bestille nytt vitnemål?
Jente, 19
Eg var ferdig på vidaregåande i fjor og har vitnemål. Eg skal ta privatist eksamen no om ikkje så lenge. Eg har eit nytt fag og eit fag eg vil forbedra karakteren i. Eg er ganske sikker på at eg kommer til å gjere det veldig dårlig, spesielt i det nye faget. Trur nok eg stryk. Er eg nødt til å bestille nytt vitnemål når eg får karakterane tilbake, eller kan eg berre la vera og ha førstegongsvitnemålet mitt vidare?
Svar
Hei
Du avgjer sjølv om du vil ha eit nytt vitnemål eller ikkje, og om du vil ta med kun eitt eller begge faga på eit nytt vitnemål. Dersom det nye faget ikkje gir språk- eller realfagspoeng, må du ha nytt vitnemål for at faget skal kunne reknast med.
Sjølv om du får eit nytt vitnemål, so mister du ikkje førstegongsvitnemålet. Med eit nytt vitnemål har du 2 gyldige vitnemål, og vil framleis kunne konkurrere i kvote for førstegongsvitnemål med det opprinnelege vitnemålet ditt.
Hilsen Samordna opptak i samarbeid med ung.no
Besvart: 24.5.2019
Oppdatert: 24.5.2019
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål