Spørsmål og svar

Går det an å fortsetje med samleie om eg spruter i kondomet?

Gutt, 17

Hei. Eg er eg og dama mi er 17 begge to og har nettopp begynt og utforske å ha samleie. Men kvar gang vi har det, så kjem eg sånn etter 5minutt... Eg veit det går an å halde igjen sæden i penisroten før den kjem opp, men allikavel så kjem det alltid litt ut. Så her er spørsmålet mitt: Går det an å ha samleie og så kome og halde igjen sæden inni kondomet og fortsette med same kondom, uavhengig om det kjem litt sæd inni kondomet? Er det ein risiko for at kondomet kan sprekke då vist eg fortsetter og eventuelt kjem igjen?

Svar

Hei gutt 15!

Kondomet kan sprekke om du fortset å ha samleier etter å ha fått utløysing i det. Etter ei utløysing, vert det mindre plass i kondomet. Det kan både sprekke av at det er væske i det under samleie, men og etter neste utløysing kjem.

Mange gutter føler dei får utløysing for tidleg. Ser ein til dømes på porno, kan det virke som om gutter kan halde på kor lenge som helst. Då er det ok å vite at eit gjennomsnittleg samleie varer i 3 - 5 minutt. Så om du held ut i 5 minutt, er du i øvre gjennomsnitt og heilt innanfor. 

Håper svaret var til hjelp for deg.

Helsing sexologisk rådgjevar 

Besvart: 18.6.2019

Oppdatert: 18.6.2019

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål