Spørsmål og svar

Kjem eg inn på sjukepleiestudiet?

Jente, 18

Hei! Eg har 4.8 snitt, lurte på om eg klare å komme inn i sykepleie i bergen.

Svar

Hei

Poenggrensa til eit studium er ikkje bestemt på førehand, men avgjerast blant anna av kor mange som søkjer studiet i forhold til tal studieplassar. Poenggrensene varierer difor frå år til år, og kan berre lesast som ein indikasjon på kor lett eller vanskeleg det er å kome inn på studiet. 

Poenggrensa som er oppgitt i studieoversikten er den lågaste poengsummen nokon kom inn med i fjor etter det nasjonale suppleringsopptaket.

Poenggrensa til sjukepleiestudiet på Vitenskapelig høgskole i Bergen er 48,8 for ordinært vitnemål, og 45,3 for førstegangsvitnemål. Hugs at poenggrensene er frå i fjor, og at dei kan endre seg i år. Vi kan difor ikkje garantere at du kjem inn med snittet ditt, før du får svar i hovudopptaket 20. juli. 

Her finn du tidlegare års poenggrensar

Hilsen Samordna opptak i samarbeid med ung.no

 

Besvart: 15.5.2020

Oppdatert: 15.5.2020

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål