Har eg lov til å klage på karakteren?
Gutt, 13
Jeg fikk 5 pluss i ein Engelsk oppgave og er ikkje fornøyd, og vennene mine og fikk det og eg skreiv ein mykje bedre fortelljing en dei. Så eg lurer på om eg har lov til og klage på karakteren eller er eg ikkje gammel nok
Svar
Hei!
Du kan klage på karakteren din, og i alle fall be om at læraren din gir deg ei forklaring på kva du har gjort bra, og kva som i så fall skal til for at du skal kunne forbetre forteljinga di.
Læraren kan ikkje bruke andre elevar sine oppgåver for å syne deg forskjellane, eller diskutere andre sine svar med deg på nokon måte.
Elles gjeld særskilte reglar for formelle klagar på karakterane - og da gjeld det standpunkt-karakterane - altså dei som blir ståande på vitnemålet i 10. klasse. Da gjeld ei klagefrist på 10 dagar etter at standpunkt er gitt.
Vennleg helsing lærar/rådgjevar, ungdomsskole, ung.no
Besvart: 1.10.2020
Oppdatert: 1.10.2020
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
