Eg har lyst til å kjøpe sexleiketøy, men veit ikkje om eg tørr.
Gutt, 15
Hei eg har lyst til og kjøpe sexleketøy men det er alt får kleint og skummelt og dra til en butikk, tenk vis noen som eg kjenner ser meg? Og eg kan ikkje kjøpe på nett heller, skal eg liksom kle meg ut som nissen?
Svar
Hei!
Du er ikkje åleine om å synes det kan vere litt pinleg å gå inn på ein butikk som sel sexleikety. Ein kan kjenne seg usikker på om dei som jobber der er hyggelege og om nokon kan kome til å sjå ein.
Kjenner ein det slik, kan det vere ok å vite at dei som jobber der er svært flinke i jobben sin. Dei er vane med å møte folk som synes det er flaut å kome dit og dei er flinke til å finne akkurat det som passer deg.
Treff du nokon annan der, er det ok å tenkje at dei er der i same ærend som deg; dei vil og kjøpe seg eit sexleiketøy.
Mitt råd til deg er altså å gå innom ein butikk om du ynskjer å kjøpe deg eit sexleiketøy. Det vil heilt sikkert gå fint.
Håper svaret var til hjelp for deg!
Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS
Besvart: 11.2.2024
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål