Kan eg søkje både offentleg og privat skole?
Jente, 15
Hei! Eg berre lurar på om eg kan forsatt få plass på offentlege skular, sjølv on eg søker privat. Eller er det mindre sjanse til å komme inn på offentlig når eg søker privat.
Svar
Hei
Så bra at du skriv til oss i Ung.no når du lurer på noko.
Eg forstår det slik at du har søkt på både offentleg skole og privat skole, og at du lurer på om dette påverkar sjansane dine for å komme inn på offentleg skole.
Å søkje privat skole gjer ikkje at du får mindre sjanse å komme inn på offentleg skole. Du kan setje opp både offentlege og private skoler i same søknad i Vigo og rangere dei i den rekkjefølgja du ønskjer.
Helsing rådgiver / lektor med tilleggsutdanning, ung.no
Besvart: 28.1.2026
Vi har valgt ut dette for deg
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål