Eg vert kalla "gay" og "homo" uten å vera det
Gutt, 15
Hei:) På skulen kaller mange meg Gay eller homo, eg syns ikkje det er greit og eg liker motsatt kjønn så korleis kan eg få slutt på det ?
Svar
Hei
Takk for at du skriv til oss og fortel om dette. Det høyrest ikkje noko kjekt ut å bli kalla for noko ein ikkje er, og det finst gjerne ikkje noko god forklaring på kvifor andre born ønskjer å gjere slikt. Den enklaste måten å få slutt på det på, er kanskje rett og slett å ignorere dei. Mange synes det er morosamt å erte dei som reagerer og vert irritert, så ved å late som du ikkje bryr deg så vil dei ikkje synes det er like artig lenger. Gjer dette i ei periode, og om det ikkje hjelp så kan du vurdere å seie i frå til dei at dette ikkje er greitt. Kanskje meiner dei sjølv at det berre er tull, og om dei får beskjed om at dette ikkje er greitt for deg så vil dei slutte. Hvis ikkje dette hjelp må du seie i frå til ein vaksen som kan hjelpe deg. Dette kan vere kontaktlæraren din, til dømes. Dersom vaksne vert kobla inn så forstår gjerne elevane alvoret i større grad enn om det vert sagt av ein medelev.
Eg håpar noko av dette hjelp! Lukke til!
ungdomsskolelæreren, ung.no
Besvart: 20.1.2019
Oppdatert: 20.1.2019
Fikk du svar på det du lurte på?
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål