Liker eg han berre fordi han behandla meg fint?
Jente, 13
Hei nyleg blei eg adda av en venn av broren min (viste ikkje at det var han) på snap. Vi snakka litt og då han sa han var 08 så spurte eg om han kjente broren min. Det gjor han og han sa han sikkert måtte unadde meg fordi han ikkje vil at broren min skal bli sur på han. Eg sa at det gjekk fint fordi eg har fleire av vennane hans og han veit om det. Så vi snakka litt og han va veldig grei og respektfull. Eg blei veldig sjarmert av detta og eg veit ikkje om eg falt for han. Det kan hende det berre er fordi eg får seksuelle kommentarar fordi gutta på min alder e sånn men eg har berre snakka med han en gang pittelitt men fortsatt så blei eg fort glad i han. Det var mest fordi han var så forsiktig og grei eg berre lure på om dåke trur at det er fordi eg faktisk lika han eller fordi eg blei behandla fint for en gangs skyld? Han var ikkje så spesielt kjekk engang men eg berre blei veldig forelska i han. Hjelp eg må vite!!!
Svar
Hei!
Så fint å høyre om korleis du blei møtt av venen av broren din på Snapchat. Det er jo sånn det skal vere<3
Det er vanskeleg å seie om du er forelska, eller satte så stor pris på å bli behandla bra. Kanskje er det heller ikkje eit rett svar på det. Men uansett høyrer det jo ut som at du hadde ei fin oppleving med han, og det er jo veldig flott! Kanskje blei du rett og slett litt sjarmert. Kan du klare å kose deg med dei gode kjenslene du fekk av å prate med han, utan at det treng å bli noko romantisk mellom dokker?
Aldersforskjellen mellom dokker er jo kanskje litt stor no til at det hadde vore lurt å prøve å få til noko romantisk mellom dokker, men kanskje dokker kunne blitt vener, eller at det kunne blitt noko seinere, når ikkje aldersforskjellen lenger er så stor?
Det er veldig leit å høyre om kommentarane du får av andre gutar på din alder. Sjølv om mange gjer det, er det ikke noko du skal akseptere eller måtte stå i. Om nokon seier noko om kroppen din, sjølv om det er hyggeleg meint, er det også lov å seie i frå at du ikkje ønskjer at dei skal seie det. Ein skal uansett ikkje kommentere på kroppen til nokon med mindre man er heilt sikker på at dei ønskjer det. Eg håper du seier i frå, anten til dei gutane som kjem med disse kommentarane, eller for eksempel til nokon vaksne på skulen din. Det er viktig at nokon seier i frå sånn at dei ikkje får det for seg at det er greit å halde på sånn seinare i livet også!
Det som er så fint no, er at du veit korleis det går an å bli møtt av nokon. Da veit du kva du kan sjå etter!
Ønskjer deg alt godt<3
Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no
Besvart: 2.1.2025
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

