Spørsmål og svar

Er det å ha andre gutar på Snapchat å vere utro? Kva er utroskap?

Jente, 17

Heihei, eg lure på kæ utroskap egentlig e? Snappe med en fyr som eg like, og som like meg, men når eg sa te an at eg he andre på snap blei han sjalue og «sure» E det å ha andre gutter på snap å væra utro? Me e ikkje sammen helle me bare «snakke» liksom.. he absolutt ikkje lyst te å vær utro, og når eg snappe de tebake for å beholda streaken føle eg meg «skitten», e eg utro mot han?? (syns det e så vanskeli å blokka folk og, får så dårlige samvittighet) kæ ska eg gjer?? ska eg fortsetta å snappa de andre?

Svar

Hei!

Takk for spørsmålet ditt!

Det er leit å høyre at han fyren du snappar med blir så sjalu og sur av at du har andre gutar på Snapchat. Det er absolutt ikkje å vere utro å prate med andre! Du skal på ingen måte føle deg skitten for å prate med andre folk. Uansett.

Det som kan vere problematisk, er om du flørter med andre medan du har ein kjærast, med mindre du og kjærasten din har blitt einige om at det går greit. Nøkkelen her er nettopp kva du finn ut av med den du held på med eller er saman med. Kvart par har sine eigne regler for kva som er greit og ikkje, kva dei regnar som utroskap.

Men uansett så bør du kunne ha vener, heilt uavhengig av kjønn! Om han synest det er eit problem allereie no, er det viktig at dokker får snakka ordentleg om det. Det er viktig at han får forståelse for at du ikkje flørter med nokon, berre snakkar med folk. Dokker kan bli einige om korleis dokker skal få det til å fungere, men eg trur grunntanken her må vere at du kan prate med kven du vil, medan dokker arbeider med sjalusien han kjenner på. Om dokker klarer å vere åpne om det, og kva dokker treng for å få det til å fungere, så kan dette ordne seg<3

At han blir sjalu er eigentleg eit tekn på at han jo er glad i deg og er redd for å miste deg. Det er ikkje noko galt i det i seg sjølv, men sjølv om man er sjalu, går det an å arbeide med det og gjere sånn at sjalusien ikkje treng å ta så mykje plass.

Og du skal berre fortsette å prate med folk!<3

Ønskjer deg alt godt!

Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no

Besvart: 13.9.2024

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål