Folk seier eg eigentlig ikkje vil vere sammen med ho. Trur dei er sjalu.
Gutt, 15
Eg er sammen me ei jente. Eg elsker ho meir enn alt og tenke ikkje på annet enn ho. Men ho legger ut slike sendit greier på privat story på snapchat. Og folk skriver til ho annonymt der om at “eg eigentlig ikkje vil vere sammen med ho og at eg berre er sammen me ho på grunn av eit veddemål”. Noko som ikkje er sant! Eg mistenker at folk er sjalu og misunnlege på ho og at fleire liker ho. Ka skal eg gjere
Svar
Hei!
Så leit å høyre kva folk seier om deg og kjærasten din.
Det kan nok godt hende at dette kjem frå sjalusi eller misunning.
Her kan det vere lurt at dokker hugsar på at det viktigaste er at dokker veit kva som er sant, og at kva andre folk seier eigentlig ikkje har noko å si, sjølv om det sjølvsagt kan vere både vondt og ubehageleg å høyre usanne ord. Men sånn som her, når dokker ikkje veit kven som har sagt det heller, er det beste dokker kan gjere å vende det døyve øyret til. Om ho vil det sjølv, kan det kanskje vere en god idé å ikkje bruke sendit også?
Har du prata med kjærasten din om dette? Om du får prata med ho, forsikra ho om at du elsker ho, og dokker begge veit at dette ikkje er sant, og at dokker stolar på kvarandre, er det det som har noko å seie<3
Ønskjer dokker alt godt!
Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no
Besvart: 14.6.2023
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål