Spørsmål og svar

Vennene mine planlegger ting uten at eg får være med.

Jente, 15

Hei. eg har noen venner i klassen min som eg trives ganske godt med, men hver gang vi går ut så er vi med noen fra et annet trinn. da får eg aldri snakket med de og hver gang eg prøve å snakke så føler eg at de bare ser dumt. eg klarer meg ikke så fint i store folkemengder så det blir også ekstra vanskelig når eg føler at alt eg gjør er feil. og de planegger bursdagsbesøk og sånne ting uten at eg får være med. eg blir veldig lei meg av dette og eg vil ikke på skolen pga dette

Svar

Hei!

Så leit å høyre at du ikkje har lyst til å gå på skulen på grunn av korleis du har det med venane dine.

Det første og viktigaste du kan gjere no, er å seie i frå om korleis du har det.

Ein gong dokker er samla, kan du be om å få prate om noko med dei, og fortelje korleis du føler det. Fortel gjerne også korleis du håpar det heller kan bli. Det kan vere skummelt å seie i frå, men det er veien å gå<3

Kanskje det blir betre med venane dine når du seier i frå, eller kanskje det viser seg at dei ikkje er dei rette venane for deg. Ein ting er sikkert, og det er at det finnes nokon som kjem til å ta godt vare på deg i alle samanhengar, også når dokker er med andre folk!

Ikkje tvil eit sekund på at det finnes eit rom der det er plass til deg, der du kan føle deg trygg. Og kanskje dokker kan skape det rommet med dei venane du har no, eller kanskje det er hos nokon andre.

Om venane dine ikkje inkluderer deg meir, kan du prøve å bli kjent med nokon andre. Kanskje det er nokon som treng at du strekk ut ei hand?

Det er leit å høyre at du føler alt du gjer blir feil når dokker er med mange andre. Det handlar nok både om korleis dei behandlar deg, og om korleis du tenkjer om deg sjølv.

Du kan øve deg på å rette deg litt opp i ryggen, stå vidt og stødig med beina planta i bakken, og å åpne kroppspråket. Korleis du held kroppen din kan påvirke korleis du føler deg, og kanskje kan det vere en start på å få meir selvtillit blant andre folk – for du gjer ikkje alt feil sjøl om du trur det<3

Send oss gjerne eit nytt spørsmål om dette ikkje blir betre, eller prat med nokon du kan stole på – eit familiemedlem, helsesjukepleiar, eller nokon andre.

Lukke til, vi heier på deg<3

Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no

Besvart: 31.10.2023

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål