Eg har lyst på selektiv mutisme for å sleppe å snakke og har presentasjon
Jente, 13
Eg har lyst og få selektiv mutisme er det rart Eg har lyst og få det får då slepe eg og snakke med folk og ha presentasjonar og lese høgt framfår klasen og sont får kvar gang vi skal ha presentasjonar so blir stressa og tenker på alt eg kan gjere feil og dei tankane slår meg kvar time og eg begynner nesten og grine i klasserommet og eg pleier og grine før og etter presentasjonen men det er ute på doen sant ingen ser meg men eg griner fordi eg er stressa og redd og eg berre årker ikkje og gå på skulen meir får det einaste er at eg blir stressa pg redd og grine pg eg trur eg har fått eit angstanfall på skulen og eg blir stressa og lei meg vist eg får dårlege tilbakemeldingar pg karakterar men eg klarer ikkje gjere presentasjonar betre fordi eg er so stressa og berre har lyst og skrike og grine. Pg eg har so lyst og sei det til lærarane mine men eg tør ikkje og so har eg vonde tankar son at eg ikkje er bra nok og eg er ekel dårleg og blir stressa og derfor har eg lyst på selektiv mutisme
Svar
Hei, jente på 13 år!
Fint at du spør om hjelp når du har det vanskeleg.
Det høyres ut som det har blitt veldig skremmande for deg å ha framføring på skulen - så skremmande at du skulle ønske at du hadde selektiv mutisme for å sleppe å snakke foran andre. Dette seier noko om kor vanskelig du har det akkurat no. Det høyres slitsomt ut.
Det du beskriver er at du blir veldig redd for å gjere feil, at du blir stressa, griner og får panikkanfall. Det høyres også ut som du er veldig engstelig for tilbakemeldingar frå både lærarar og andre. Alt dette kan vere teikn på sosial angst. Selektiv mutisme er mykje meir sjelden men personar med selektiv mutisme har også svært ofte sosial angst som utgangspunkt. Det kan vere mange tips å hente i dette selvhjelpsprogrammet . Som psykologen seier går det an å berre se den modulen eller heile programmet.
Det er også lurt å ta kontakt med ein lærar du stoler på for å informerer om kor vanskelig du har det. Kanskje treng du nokon tilretteleggingar akkurat no når du har det sånn. Det kan også hende at det er gode råd å hente frå lærar ettersom det heilt sikkert har vore mange andre som har vore engstelige av noko av det samme før deg. Du kan også snakke med helsesjukepleiar på skulen som vil kunne noko om temaet også.
Ønsker deg alt godt og masse lykke til.
Med venleg helsing psykologen
Besvart: 31.3.2022
Fikk du svar på det du lurte på?
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål