Har klump i halsen og angstanfall. Snakke med nokon?
Jente, 14
hei idag har vært en dritt dag, med en gang eg gjekk igangen så fekk eg et angstanfall og starta å bli helt rød ifjeset og blei heilt svett, så eg gjekk ut også fekk eg luft så spørte vennene mine ka som skjedde Koffor ej blei så rød så sa eg at eg fekk et angstanfall. men etter på der igjen da vi skulle starte å ha time så hadde eg bere lyst til å gå på do å grine men eg har ingen grunn for det. Eg føler meg jvl deppa og er kun på rommet mitt, eg har skule arbeid eg må gjøre ferdig til en innlevering imrg og ja, eg stresser også ganske mye, no har eg bare en klump ihalsen, så eg har vurdert idag om å gå til helse søsteren og få pratet om det og eg skal gå dit neste veke og eg tar med bv min for det føles bedre ut. Eg bruker egt ikkje å snakke om kordan eg har det fordi eg lika ikkje prate om kordan eg har det. I første timen også idag så sa læreren min at eg måtte prate med den eg sitt med, da også blei eg helt rød i fjeset. Det gjekk over seinare siden vi skulle snakke ilag igjen.
Svar
Hei, jente på 14!
Nokon gonger blir kvardagen rett og slett litt for mykje og det høyres ut som det har vore litt slik for deg siste tida. Det er ikkje alltid vi veit kva det er som gjer at det blir litt tungt og det er ikkje sikkert det er noe spesifikt - kanskje heller summen av alt. Du skriv at du ikkje har nokon grunn til å gråte. Eg tenker at det er sunt og lov å gråte uten at det treng å vere heilt klart kva som førte til gråten.
Det at du får angstanfall, har klump i halsen og ikkje har det så godt inni deg er eit teikn på at det er lurt å snakke med nokon slik som du har planlagt. Det kan ofte vere lurt å få satt ord på det ein har inni seg slik at ein får letta litt på desse følelsane. Slik som det er no så blir du kanskje sittande litt aleine med det.
Eg vil støtte deg i det å gå til helsesjukepleier for å fortelle om korleis du har det. Det er lurt å gi beskjed når ein kjenner at noko er vanskelig. Hugs også at helsesjukepleier er vant til å snakke om alt som er vanskelig så det er ein trygg plass å øve seg på å åpne seg litt opp.
Ønsker deg alt godt og håper det blir betre snart.
Med venleg helsing psykologen
Besvart: 30.1.2022
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

