Ingenting hjelper, har berre 1 i klassen å snakke med, har gitt opp
Jente, 14
Hei, eg har blitt mobba på skulen siden 4 klasse og eg klare ikkje å gjer mykje med det det er vanskelig og sei det til foreldrene mine. Eg snakker med læreren min og helsesjukepleier men ingenting hjelper og har det vanskelig heime med det som skjer på skulen. Menge har reagert på meg, eg er bare på rommet mitt og vil ikke ut. Blir lei meg på skulen når alle har Nikon og snakka med og har alle dei andre mens eg har kun 1 i klassen eg kam snakka med. Eg har det vanskelig med venner og karakterer men dei 2 vennene mine er på èin måte «fake» og eg vet ikkje kva eg skal gjer eg har ingen andre og eg sliter på èin måte med og snakke med folk. Eg har holdt på med sjølskading veldig lenge. Seg har spist veldig lite og det har kun skjedd etter eg starta i 8. klare ikkje og såva før klokka er 4 og har skule når klokka er 8. Eg veit ikkje kva eg skal gjer, eg har på èin måte gitt opp med meg sjølv.
Svar
Hei, jente på 14 år!
Det høyres ut som du har mykje å tenke på. Så bra at du har fortalt til lærar og helsesjukepleiar litt om korleis du har det. Kanskje har dei noen gode råd om kva du bør gjere vidare ettersom dei kjenner til situasjonen din. Det er lurt om du er så ærlig du kan med dei om kva som foregår.
Slik du beskriver det så kan det godt hende du skulle hatt litt meir hjelp enn det du får no. Det høyres ut som om problema dine er sammensatte. Du forteller både om mistrivsel og vanskelege tankar/følelsar på skulen, sjølvskading, søvnvansker og problemer med matinntak. Dette høyres ut som ein vond sirkel. Det er ikkje alltid det skal så mykje til for å snu ein vond sirkel slik at den blir litt meir håndterlig.
Det går an å snakke med helsesjukepleiar om du kanskje burde hatt ein henvisning frå lege. Dersom du har søvnvanskar og lågt matinntak er kroppen din sliten og får det endå vanskeligare enn dersom den får i seg den maten den treng og får nok søvn. Det kan vere lurt å få hjelp av legen til å få snudd søvnen og det kan også vere lurt å ta blodprøver for vitaminstatus dersom du et lite.
Det er veldig lurt å legge inn ein innsats sjølv på å forsøke å ete nok mat slik at du ikkje blir så sliten og nedstemt. Det er veldig vanskelig for kroppen å takle vonde perioder når den ikkje får det den treng. Eg veit det kan vere vanskelig men eg oppfordrer deg likevel til å prøve.
Når det er sagt så kan det også hende at du skulle hørt med helsesjukepleier om kva ho/han tenker om at du eventuelt hadde trengt ein henvisning frå lege til BUP/psykolog. Dersom du strever med sjølvskading og vanskelige tankar/følelsar kan det vere lurt å få hjelp til dette der.
Eg veit ikkje kva det er som har skjedd i den sosiale situasjonen og kva det er som har ført til at du opplever å vere utanfor og at du føler du berre kan snakke med 1-2 personar. Dersom ein har det vanskelig og tungt kan det vere lett å tenke at dei andre ikkje ønsker å snakke med ein. Det trenger ikkje å vere sant sjølv om det føles sånn. Kanskje er det nokon i klassen som godt kunne tenke seg å snakke med deg men så har det utvikla seg til at ingen tar kontakt med kvarandre. Kanskje dei andre ikkje trur du vil snakke med dei heller? Ofte er det ikkje så lett å lese andre utanfrå og ein drar konklusjonar basert på korleis ein har det inni seg. Då blir det som sagt lett for misforståelsar. Det kunne vore ein idé å forsøke å snakke litt meir med noen andre berre for å bli litt bedre kjent. Det treng ikkje vere så mykje om gongen - men at du prøver deg fram. Kanskje har helsesjukepleier gode tips på dette.
Eg ønsker deg alt godt og masse lykke til med alt!
Beste helsing frå psykologen
Besvart: 10.1.2022
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål