Korleis kan eg klare å gå i t-skjorte igjen? Har arr og skal til Hellas
Jente, 16
Hei, eg har slitt lenge psykisk, og har da holdt på med selvskading siden eg var 10 år. Men har ikkje brukt t-skjorte på fleire år på grunn av dette. Til neste sommer skal vi kanskje til Hellas, men eg har ikkje klart å slutte å skade meg sjølv og klarer heller ikkje å gå i t-skjorte. Og det hjelper ikkje at folk sei «men foreldra dine vil deg berre godt» eller «dei kjem jo til å bli glad for at du tørr å gå i t-skjorte». For sånne «oppmuntringa» hjelper ikkje i de heile tatt. For eg vil så sinnsjukt gå i t-skjorte, men eg er så redd for at mine arr ikkje er «gale nok» om du skjønner kva eg meiner. Og i tillegg så er det bare så sjukt vanskelig! Alle sei at det er lenge til neste sommer, men det gjer ikkje det noko lettare å gå i t-skjorte av den grunn. Har du noken tips til korleis klare å gå i t-skjorte igjen? Vil bare nevne at eg har ikkje eit så veldig bra forhold til mine foreldre heller.
Svar
Hei du!
Det høyres ikkje godt ut at du har sjølvskada deg sidan du var 10 år. Det høyres ut som du har veldig mykje inni deg som er vondt og at du regulerer følelsane dine med å skade deg. Dette vil ikkje fungere i lengden og det er lurt å få hjelp til å sette ord på det vanskelige du tenker og kjenner på.
Eg forstår deg slik at du ønsker å bli kvitt arra slik at du kan klare å gå i t-skjorte. Samtidig lurer du på om arra dine hadde vore "gale nok" dersom nokon hadde sett dei. I dette så forstår eg på ein måte at du både ønsker å ikkje vise dei fram men at dersom dei bli sett så ønsker du at dei skal kommunisere at du har det "gale nok" og ikkje berre litt gale. Det er veldig lurt å forsøke å finne andre måtar å kommunisere smerten din på enn gjennom sjølvskading - eg skal gi deg nokon råd.
Som sagt handlar sjølvskading ofte om å regulere følelsar. Ingen følelsar varer evig og dei vil alltid endre/gå ned i intensitet dersom dei får litt tid på seg. Dermed er det viktig å hjelpe seg sjølv å "dra ut tida"/holde ut for å hjelpe dei sterkaste følelsane til å få tid til å gå litt ned i intensitet. Dette kan ein gjere gjennom å finne andre måtar å regulere/distrahere følelsar på. Tips til dette kan vere:
-Snakk med nokon (ring, send melding, gå inn til foreldre, chat med Kors på halsen, snakk med helsesjukepleiar på skulen).
-Gå ut av rommet du er i (og gjerne ut der det er noen andre slik at det blir vanskeligare å skade seg.
-Legg vekk/kast/kvitt deg med alle "redskaper" du vanligvis skader deg med slik at dei ikkje ligg tilgjengelige når du har det som verst
-Ta ein varm eller kald dusj
-Lag noko varmt eller kaldt å drikke
-Sett på ein serie, film, youtube-klipp eller musikk som får deg på andre tankar/inn i andre følelsar
-Gjer noko du likar, t.d. lage mat, male, teikne, strikke, spele eit instrument o.l.
-Få frisk luft enten gjennom å ta ein tur, åpne vindauga, døra, gå ut i hagen/gata/på butikken.
-Bruk isbitar mot huda di istadenfor å kutte deg. Du kan også t.d. teikne på deg sjølv heller enn å kutte eller teikne på eit ark og eventuelt skrive ned følelsar og tankar i tillegg for å "plassere" dei der.
Det er sjølvsagt mogleg å finne andre metoder som passer bedre for deg!
Når det er sagt så er det faktisk eit heilt år til neste sommar så dersom du får hjelp til eller hjelper deg sjølv til å slutte å skade deg no så vil du ikkje trenge å tenke på arra neste år og kan gå i t-skjorte så mykje du ønsker.
Ønsker deg alt godt og lykke til med dette! Det er lurt å snakke med nokon for hjelp og støtte. Helsesjukepleiar er naturlig førstevalg for mange i denne prosessen. Ved behov kan du få henvisning til psykolog/BUP gjennom fastlegen.
Med beste helsing frå psykologen
Besvart: 14.8.2022
Fikk du svar på det du lurte på?
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

