Er 3 mnd sjølvskadingsfri, hater meg sjølv, sosial angst. Tips?
Jente, 13
Hei. Idag er eg 3 måneder sjølskadings fri! Eg er stolt over meg sjølv men kvar dag har eg lyst til å kutte meg eg gjøre det ikke. Eg veit ikkje korleis eg skal fortsette å vere sjølskadings fri. Har deko noen tips? Og eg har det bedre men eg føler meg fortsatt mye lei, meg og føler meg deprimert. Det er skule på mandag og eg er stresset får å dra på skulen har sosial angst og synes det er skummelt å vere på skulen. Eg er redd får kva andre skal tenke om meg. Eg har mange arr som er synlige på armene og eg har hatt bading i bare badedrakt og har gått i t-skjorte på skulen men eg er redd kva dei andre skal tenke om arrene. Og eg hatter meg sjøl og kvar dag seie eg til meg sjøl at eg må bli tynnere og at eg er styg at eg er verdiløs. Eg vil bare se fin ut!
Svar
Hei du!
Så fint at du tar kontakt med oss. Det høyres ut som det er litt ulike ting som er vanskeleg på ein gong. Ofte kan det hope seg litt opp og alt påverkar alt.
Det er strålande å høyre at du har klart å jobbe med å vere sjølvskadingsfri i 3 mnd. Det kan du vere stolt av - du har sikkert jobba godt for det. Du fortel at du framleis kjenner på sjølvskadingstrang og ber om tips for det. Det er mykje ein kan gjere for å halde ut følelsane sine og å øve seg på at sjølvskadingstrangen skal gå over. Du må finne nokon strategiar som passar for deg. Eg kan komme med fleire tips som du kan plukke frå:
Det er lurt om du går ut av rommet du er i og inn i eit rom der andre er når trangen melder seg. Det er ikkje sannsynleg at ein skadar seg saman med andre. Det er også lurt å kvitte seg med typiske "redskaper" du brukar for å skade deg slik at desse ikkje ligg lett tilgjengeleg. Dersom du må finne fram nye "redskaper" når du har det vanskelig blir dette gjerne ein ekstra barriere og ekstra tid du har på å hjelpe sjølvskadingstrangen til å gå over/bli svakare.
Så er det lurt å finne andre aktivitetar som får deg til å halde ut dei vanskelege følelsane. Tips vil vere å gå ein tur ut i frisk luft, åpne vindauga for å få frisk luft inn, ta ein varm eller kald dusj, lage noko varmt eller kaldt å drikke, bruke isbitar på huda eller få kaldt vatn i ansiktet. Du kan også gjere noko som krever din oppmerksomhet: Til dømes puslespel, følge ei oppskrift for å lage mat, spele eit instrument, skrive ned tankar og følelsar, ringe til ein venn eller chatte med nokon (du kan også chatte med voksne på nett som ønsker å hjelpe, t.d på Kors på halsen). Du kan også sette på høg og kjekk musikk, gaming, se på serie ++ Alt som får deg til å halde ut følelsane til dei naturleg legg seg litt og ikkje blir så intense.
Når det gjeld sosial angst så finst det mange tips å ta til seg og jobbe med i denne retningen. Du kan sjå på dette sjølvhjelpsprogrammet for gode tips og råd.
Angåande det å snakke seg sjølv ned og å hate deg sjølv og at du tenker at du er stygg, verdilaus og at du tenker du må bli tynnare så høyres det ut som at du har det vanskelig i sjølvfølelsen din - altså i relasjonen du har med deg sjølv. Det er ein øvelse og for mange ein prøvelse å skulle behandle seg sjølv med same respekt og omsorg som ein behandler andre - men det er likevel klokt å prøve på det. Ein treng ikkje å tenke at ein er verdens beste eller perfekt på nokon som helst måte, men at ein øver seg på å møte seg sjølv slik som ein ville møtt noen andre som har det vanskeleg gjennom å til dømes seie slikt som "du gjer så godt du kan", "ein kan ikkje få til alt og alltid vere på topp", "det er modig av deg at du er her sjølv om du syns det er vanskeleg".
Det kan også vere ein god idé å snakke med t.d. helsesjukepleiar på skulen din om alt du har inni deg. Der kan ein få hjelp med både sjølvskadingstrang, sosial angst, depresjon og sjølvfølelse.
Ønsker deg alt godt.
Med vennlig hilsen psykologen
Besvart: 2.3.2025
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

