Spørsmål og svar

Eg sliter mye med stress for alt mulig og lurer på om eg har angst?

Jente, 13

Hei ung.no! Eg sliter mye med stress og stresser over kvar ting heile tida. Alt ifra bare tanken på at eg har glemt å lade skule pc-en eller om eg har glemt noe som eg veit eg har gjort. Eg stresser kvar fredag fordi eg er redd det er skule neste dag sjølv om eg veit det er lørdag. Er redd for å legge med på ukedagene for eg stresser over at eg kanskje ikke våkner av alarmen. Kan dette vere angst? Det føles som en konstant klump i magen og eg er dritt lei av alt stresset. Itillef har eg holdt på med selvskading og gjemmer eun kniv på rommet mitt, stresser over at mamma eller pappa skal finne den. Er redd hver skoledag fordi eg ikke tør å ete foran folk. Det er skillelig ubehagelig og eg greier ikke å gjøre det. Hvordan kan eg stresse mindre? Hva er grunnen til at eg stresser på mye? Hva kan eg gjøre? Har eg angst eller noe?

Svar

Hei du!

Så fint at du tar kontakt når du har det vanskeleg.

Det du beskriver kan godt kallast angstsymptomer, ja. Angst betyr å ha ein overdriven redsel/frykt for noko som i utgangspunktet ikkje er farleg. Det betyr likevel ikkje at du har ein angstlidelse/diagnose - akkurat dette kan ikkje eg finne ut av over internett.

Det høyres ut som du stresser og engstar deg for mange ulike ting i kvardagen din. For å gjere noko med dette kan du forsøke å:

1) Stille deg spørsmåla "Kva er det verste som kan skje" omkring dei tinga du stresser over. Når du begynner å stresse over at du ikkje skal våkne til alarmen så kan du spørre deg sjølv "kva er det verste som kan skje dersom du ikkje våknar til alarmen?". Svaret på dette vil kanskje vere "at eg kjem for seint på skulen". Og så er spørsmålet igjen om det gjer noko. Alle mennesker opplever å komme for seint av og til og det går heilt fint. Det er heilt umulig å gå gjennom livet uten at noko går galt eller at vi gløymer noe vi skulle ha hugsa, kjem for seint, misforstår og andre ting. Dersom du forsøker å passe på for alt det er verdt at noko slikt ikkje skal skje med deg så sliter du deg ut på noko som ikkje er mulig.

Når det gjeld sjølvskadinga så er det lurt om du forsøker å slutte med det. Det vil ikkje hjelpe på lang sikt. Fyrste steg blir å fjerne kniven frå soverommet. Då kan du også sleppe å stresse med at foreldra dine skal finne den. Det er lurt å finne andre måter å regulere følelsane sine på. Tips til dette kan vere: Gå ut av rommet du er i og over i eit anna rom (gjerne eit der det er andre å snakke med), gå ut av huset for å få litt frisk luft (treng berre vere ut på veranda eller hage). Ta ein varm eller kald dusj. Lag noko varmt eller kaldt å drikke. Sett på musikk, film, serie eller videoklipp som får deg på andre tankar. Du kan også bruke ein isbit på huda di i staden for kniv. Dette vil ikkje gi arr og skader og er dermed betre.

Når det gjelder det å ete foran andre så er det mange som strever med dette. Spesielt er det vanleg dersom ein har sosial angst. Det som hjelper då er å eksponere seg for det (altså utsette seg for det). Ein treng å øve seg på å ete saman med andre utan å bruke det vi kaller sikkerhetsstrategiar. Med sikkerhetsstrategiar meinast alt som ein gjer for å dempe angsten samtidig som ein eksponerer seg. Typiske sikkerhetsstrategiar når det kjem til det å ete foran andre vil vere å kun ete mens andre ser ein annan veg, kun ete det og det pålegget (f.eks noko som ikkje ein kan søle med), ta overdrevent små bit at ein er heilt sikker på at ein klarer å svelge og så vidare. Det er derfor viktig å øve seg på å ete heilt normalt foran folk. Gradvis vil det bli betre når ein øver seg. Det er veldig dumt å falle ut av muligheten til å ete foran folk fordi veldig mykje sosiale hendingar omhandlar nettopp mat - det å feire, gå ut å ete sammen, gå i bursdag, familiemiddager, høgtider ++

Dersom du treng nokon å snakke med om det du kjenner på for å finne litt meir ut av kva du treng og korleis du skal gå vidare så anbefaler eg deg å snakke med helsesjukepleiar på skulen din i fyrste omgang.

Alt godt til deg!

Beste helsing frå psykologen

Besvart: 12.2.2023

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål