Spørsmål og svar

Er redd for å ikkje klare meg i livet. Har store faglige hull.

Jente, 17

Redd for å ikkje klare meg i livet.Slitt med skulevegring og har grunnet dette STORE faglige hull(spesielt i matematikk).Kan bare (enkel)grunnleggende +, -, x & deling.Har sagt til mamma at eg er redd for å ikkje klare meg i livet men ho seier eg kommer til å klare meg.Skjønner ikkje ein dritt av personlig økonomi.Veit ikkje kva pensjonsordning osv er eingong.Droppa ut av vgs.OT er kontakta med tilbudte er RÆVA(og det meiner eg)!OT kan ikkje hjelpe meg.Det einaste OT tilbyr er hjelp til å søke jobb ikkje noko annet.Rådgiver på vgs kan ikkje hjelpe meg.Begynne på skule igjen er HEILT UAKTUELT!Bur i tillegg på ein liten plass og det gjør det ikkje bedre.Har mistet så masse og det er så mykje å lære om alt fra personlig økonomi til pensjonsordning,dagpenger osv.Alt dette er eg redd for at eg ikkje lærer og at mamma og pappa dør før eg har lært meg å klare meg sjølv(foreldrene mine er begge 60+ og eg er adoptert).Går til BUP.Psykologen min veit om dette men ho seie det samme som mamma.

Svar

Hei, jente på 17 år!

Høyrer at du har mykje å tenke på. Det er slitsomt å ha det sånn med mange bekymringar og liknande.

Kanskje ønsker du at eg skal komme med andre råd og innvendingar enn mor og psykologen din gjer. Samtidig så ser eg at det er fleire ting er er enige med dei i. Du bekymrer deg for mange ting som eg tenker at det ikkje er vanleg å vite mykje om på din alder. Du nevner både pensjonsordning og dagpenger. Eg tenker at mange på din alder (og langt over det) ikkje har oversikt over slike temaer. Det betyr ikkje at det ikkje skal gå bra i livet! Det er mange måter å få det bra på.

Eg veit ikkje heilt kva du ser for deg dersom du ikkje ønsker å begynne på skule igjen og heller ikkje ønsker å få hjelp til å søke jobb gjennom OT. Dersom du er bekymra for at ting ikkje skal gå bra så er det lurt å gjere ein av delene. Det å ha ein jobb kan vere så mangt - det gjelder å finne noe som passer for akkurat deg. Det er heller ikkje slik at aldri kan begynne på skulen igjen sjølv om du ikkje ønsker å gå der no. No høyres det ut som at motivasjonen din er på bunn og at du ikkje har trua på deg sjølv. Det er klart at det er vanskelig å gå på skulen då. Samtidig så kan motivasjonen komme tilbake seinare.

Det er skremmande å tenke på at foreldre skal dø frå oss. Vi veit aldri når noen blir sjuke og kan potensielt dø - men 60+ er generelt sett ingen alder i desse dagar. Mest truleg har du foreldra dine i mange år til.

Det er fint at du snakker med psykologen. Det er nok lurt å snakke med dei som veit kven du er om kva muligheter som finst for akkurat deg. Det er mye som kan gå seg til etterkvart sjølv om det ikkje ser slik ut no.

Ønsker deg alt godt og ta vare på deg sjølv!

Beste helsing psykologen

Besvart: 2.8.2021

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål