Har tannlegeskrekk, tenker på mye og lurer på om eg har angst?
Jente, 14
Hei! Eg går ofte rundt å tenker på stort og smått. F.eks eg er ikkje fornøyd med kroppen min. Tenker ofte at eg ikkje er bra nok. Og så har eg tannlegeskrekk det gjorde til at eg besvimte når eg var der ein gong. Eg er og redd for alt dom har med lege å gjøre men ikkje så mykje som tannlege. Ingen veit om disse problemene mine og litt andre problemer. Eg har liksom spurt mange og råd. Men svarer bare snakk med ein vaksen du stoler på eller helsesøster eller foreldre. Uansett kva dei seier så får eg ikkje til å snakke med nokon.Eg tenker jo og at problemene mine er for små så det kan jo hende at det er litt av grunnen til eg at eg ikkje klarer å ta kontakt med nokon. Eg trur kanskje det hadde vært fint med ein psykolog men då får jo foreldre mine vite om det. Det er ikkjr det at eg ikkje stoler på dei bare at dei sier det videre til alle. Så eg lurer blant anna på har eg noko sånn psykisk ting? Angst f.eks? har dere tips til korleis eg kan slippe å gå å tenke på alt dette?
Svar
Hei du!
Vi veit ikkje om du har angstlidelse eller ikkje - for å finne ut av dette treng du utredning hos psykolog eller lege.
Når det er sagt så er det slik at angst er eit begrep som brukast om overdriven frykt for noko - og det kan det godt hende at du har. Det er ikkje uvanlig å ha det for ulike ting. Det du beskriver som omhandler tannlegeskrekk kan truleg kallast ein fobi - dersom ein har sterk angst knytta til ein spesifikk ting, situasjon eller objekt så kallar vi det en fobi. Det er ikkje uvanlig å ha tannlegeskrekk. Det finnast hjelp å få ved tannlegeskrekk - enten psykologisk behandling, medikamentell hjelp (i alvorlige tilfeller) og/eller å gå til tannlegar som er spesialiserte på tannlegeskrekk (dette finns ettersom det som sagt er vanleg med denne type skrekk). Forstår også at du blei redd då du besvimte hos tannlegen. @
Når ein har økt angst vil dette føre til at ein har høgare blodtrykk enn vanlig og dette vil ikkje føre til besvimelse. Det er derimot ikkje heilt uvanleg å besvime i situasjonar der personar som har det vi kallar blod- og sprøytefobi blir utsatt for noe som trigger denne fobien - kanskje er dette noko som er relevant for deg. Dette finns det også god hjelp/behandling for dersom det er behov for det.
Når det gjeld vanskelig forhold til eigen kropp og tankar om at ein ikkje er "god nok" er nok dette tankar som mange mennesker (og spesielt unge mennesker) vil kjenne seg godt igjen i. Dette innbefatter alt frå både heilt normale tankar hos mennesker som kommer og går til meir alvorlige vanskar i sjølvfølelse (relasjonen ein har til seg sjølv) som gjerne går utover alle deler av livet.
Det er ikkje eit enkelt svar på korleis du kan slutte å tenke på alt du tenker på. Det kan nok vere lurt å snakke med nokon om det du opplever dersom du kjenner behov for det. Dette har du fått råd om før og det er nok lurt å sette rådet ut i livet for å sjå om dette kan hjelpe. Dersom det ikkje blir aktuelt med psykolog så er helsesjukepleiar på skulen eller helsestasjon for ungdom også mogleg. Det er også mogleg å snakke/chatte/skrive med voksne på nett for tips og hjelp - t.d. Kors på halsen.
Ønsker deg alt godt og lykke til på din veg.
Beste helsing psykologen
Besvart: 28.7.2022
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

