Har det tøft, mista mormor før jul, misliker kroppen, usikker på legning
Jente, 17
hei, eg har hatt det veldig tøft i det siste. eg føler eg har vert i ein tøff periode veldig lenge nå og det er ikke så lett. rett før jul døde mormoren min, det er det verste som har skjedde meg. eg er så glad i henne og eg savner henne. alt er forandret etter hun døde. det er ein rar stemning i luften når eg er med familien min på grunn av dette. alle er så leie seg. eg griner nesten kvar kveld på grunn av dette og eg klarer ikke snakke om det til venner, berre mamma. eg liker ikke å dele sånne følelser. eg sliter og veldig med selvbilde. eg hater kroppen min og korleis eg ser ut. eg synst det er ukomfortabelt å spise foran folk på grunn av eg trur alle tenker at eg er feit. eg har og problemer med å finne ut kem eg liker, om eg liker jenter eller gutter eller begge deler. uansett hadde eg aldri turt å komme ut som lesbisk. har ikke fortalt nokon om desse følelsene. sorry for at det ble litt mye på ein gong. følte på å seie det til nokon som ikke kjenner meg. håper på nokon råd:)
Svar
Hei på deg!
Eg sender mi djupaste medkjensle til deg som har mista mormora di. Det å miste dei me er glad i er noko av det vondaste med det å vere menneske. Det er tungt å vite at personen ikkje finns meir anna enn i minner og i hjartene til dei som var glad i henne. Det kan gjerne vere ekstra sårt og tungt å miste nokon rett før jul/høgtid ettersom ein kan få følelsen av at "alle" andre er så glade medan ein sjølv står med den største sorga.
Eg forstår godt at slike kjensler kan vere vanskeleg å snakke med andre om. Det er heilt greit å ønske å berre snakke med mora di om dette i fyrste omgang. Det kan vere godt å snakke med nokon som også var glad i mormor for å dele minner sjølv om det er sårt.
Det er ikkje sikkert at det hjelper deg akkurat no - men den intense kjensla av sorg vil endre seg med tida slik at det kan vere lettare å ta fram minnene utan at det kjennes så intenst vondt. Samtidig så er det heilt vanleg å både grine og kjenne på "rar/vond stemning" i familien etter eit stort tap.Dette også vil kjennast lettare etter ei stund. Det at det er vanskelig no betyr at mormor var viktig for deg og dei andre - det er dessverre slik at sorg er baksida til kjærleik.
Det høyres tungt og strengt ut at du har så vanskelege tankar om eigen kropp. Hugs at andre har meir enn nok med seg sjølv (akkurat som du har med deg) og er ikkje opptatt av din kropp på den måten som du er. Det kan godt hende at dette handlar om vanskelig sjølvfølelse (relasjonen til deg sjølv) frå di side. Det kan vere lurt å forsøke å møte seg sjølv meir som ein møter andre og unne seg sjølv det eit unner andre. Eg ser ikkje for meg at du hadde sagt stygge og ufine ting om kroppen din dersom den tilhørte nokon andre - vi kan alle øve oss på å ha eit mildare blikk mot oss sjølve og forsøke å møte oss sjølve slik vi møter andre. Det er også lurt å øve seg på å ete saman med andre ettersom mat og måltider er ein veldig stor sosial del av livene til dei fleste. Det å grue seg for dette er ikkje så greit i lengden.
Når det gjelder det å finne ut av kven du likar/blir forelska i og finne ut av legningen din så tenker eg at dette ikkje er noko du trenger å stresse fram. Det går ikkje så bra å "skynde seg" med å finne ut slike ting. Då blir det gjerne ikkje naturleg og du kan bli endå meir forvirra. Det er lurt å berre la akkurat dette "svaret" få lov til å ligge litt lenger framme og så kan du heller utforske kven du liker å vere med etterkvart som ulike personar dukkar opp på din veg. Kanskje møter du nokon som gjer det veldig tydelig for deg og kanskje er det slik at du allereie innerst inne veit at du kanskje har den eine eller andre legningen men ikkje veit heilt om du er klar for å seie det verken til deg sjølv eller seie det høgt. Dette er heilt okei og det er ingen som har noko med det uansett. Det er du som styrer tempoet på dette og treng ikkje å skynde deg. Det høyres ut som du har meir enn nok å tenke og føle på for tida og då kan ein gjerne berre kjenne seg enda meir forvirra.
Eg råder deg til å ta tida til hjelp både på den eine og andre fronten og ynskjer deg berre det beste.
Alt godt frå psykologen
Besvart: 1.2.2023
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål



