Eg har helseangst og søv med faren min. Korleis sei frå til foreldra?
Gutt, 13
Hei eg har slitt veldig med helseangst i det siste. Eg googler alt så kommer det opp alvorlige tilstander også blir eg redd og søker meir og greier ikkje stoppe og tenke på det og eg har slitt med å sove, men eg har sovd med faren min det hjalp eg følte meg trygg då. Men det er som at eg ikkje greier å sove uten han. Og om eg trur eg har noko farlig så jar eg lyst til å si ifrå men eg greier det ikkje. Eg tenker til meg sjølv (Idag skal eg sei det), men eg tørr fortsatt ikkje å seie noko. Men etter litt så forbedrer symptomene seg og eg sier ingenting. Eg lurer på hvorfor fordi eg stoler på faren og moren min men eg greier det berre ikkje. Å foreldra mine veit ingenting om at eg har helseangst. Lurte berre på kva eg skulle gjøre og om dokke har eit tips til kva eg kan gjøre. Og eg greier ikkje å slutte å tenke på det kan dokke gi tips om det og hvordan eg skal greie å si noe til foreldra mine. Di har sakt at eg må si om det er noe. Og hva kan jeg gjøre for å slutte å tenke på det.
Svar
Hei du!
Så fint at du tar kontakt. Det gjer vondt når ein har så mykje angst og det er lett for å ønske å trygge seg sjølv gjennom å t.d sove med foreldre.
Det er viktig å huske på at denne googlingen gjer deg veldig redd og at det opprettholder problemet. Dette fordi du vil finne alt mulig på nettet som ikkje stemmer med korleis du har det men ser farlig og skummelt ut. For eksempel så kan ein google "hodeverk" (noe som 50% av heile befolkningen har i løpet av ei veke) og så kjem det opp masse farlege og sjeldne tilstandar sjølv om hovudverk i seg sjølv er heilt normalt og som regel fullstendig ufarleg. Då fører googlingen til unødvendig bekymring. Så mitt første tips er at du begrenser eller aller helst sluttar med googlingen - du vil ikkje finne noe nyttig der og du blir berre meir bekymra.
Når det gjeld dette å fortelle til foreldra dine så tenker eg at du berre må hoppe ut i det. Dei har nok skjønt at det er noko du er redd for ettersom du søv med faren din. Du kan seie at "eg må fortelle noko". Og så kan du seie noe sånt om at "du veit jo at eg har ønska å sove med deg i det siste og det er faktisk fordi eg har fått helseangst og har vore redd for ulike symptomer, då har eg følt meg trygg når eg sov med deg". Så kan du fortelle at du har sendt melding til ung.no dersom du ønsker det. Du og foreldra dine kan gjerne snakke sammen om korleis det er for deg når du kjenner på symptomene og at du blir redd av å google og at symptomene går over og då har du ikkje sagt frå til foreldra dine likevel sjølv om du har tenkt på det lenge.
Som regel går det greiare enn ein trur å fortelle om korleis ein har det. Det er ofte vanskeligast i starten.
På litt lengre sikt så blir det nok også lurt å øve deg på å sove aleine. Ved å sove med faren din for å kjenne deg trygg opprettholder du på ein måte angsten fordi du signaliserer at det er farleg å sove aleine (noe det ikkje er). Men eg forstår at dette ikkje er det første steget og at det er lurare å starte med å åpne seg til foreldra dine og så også øve deg på å ikkje google masse sjukdommar o.l.
Ønsker deg masse lykke til!
Med vennlig hilsen psykologen
Besvart: 2.6.2025
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål