Venninna mi sliter ekstremt psykisk, kva gjer eg?
Jente, 13
Hei. Den beste vennen min sliter ganske ekstremt psykisk no. Ho er empatisk og hjelper meg alltid når eg føler meg dårlig, forteller meg at eg er fin osv. Faren hennes drikker, spiser og røyker veldig mykje og mor hennar blir sur for at ho maser om ho prøver å snakke med ho. Ho føler seg usikker om kroppen hennes, søstera har slete ho og så foreldre har Ikkje hatt mykje tid til ho, ho føler at ho Ikkje har venner og meir. Ho har begynt å snuse og røyke for å føle seg bedre. Ho seier til meg at ho Ikkje syns ho kan klage fordi mange har det verre enn ho. Eg er kjempeglad i ho og eg får veldig, veldig vondt av at ho tenka så lavt om seg sjøl. Eg har prøvd å si til ho at mange hadde Ikkje greid seg med alle problemene hennes og at ho er viktig ho og men veit Ikkje om det funker heilt.. korleis kan eg få ho til å skjønne at ho er verdt masse og korleis kan ho få hjelpa ho fortjena?
Svar
Hei!
Det fyrste eg vil sei deg er at venninna di er så heldig som har ei så god venninne som deg. Eg ser at omsorgen din for henne skin igjennom heile spørsmålet ditt til oss. Dette trur eg også venninna di kjenner på når du snakkar med henne. 
Eg er heilt enig i at det høyres ut som at ho har mykje å stri med. Kanskje har ho følt seg ganske «oversett» over tid både fordi søstra har det vanskeleg og dermed får merksemda men også fordi foreldra ikkje har kapasitet til å lytte og følge opp det ho seier. Når ho har det slik og kjenner på mykje vanskeleg så er det ikkje så lett for deg å skulle «snu» dette. 
Eg tenkjer at det beste du kan gjere er å validere følelsane hennar - det betyr at du gjer dei gyldige gjennom å lytte til henne og til dømes sei at «det høyres vanskeleg ut», «der er ikkje rart du er lei deg», «kan eg gjere noko for deg», «eg ser du har det tungt no», «kva treng du». Det vil nok ikkje fungere å forsøke å få henne til å tenke det og det om seg sjølv for når ho ikkje føler det sånn så føler ho det ikkje sånn. Så då blir det viktigast å lytte og støtte. 
Du kan også minne henne på at det er alltid nokon som har det «verre» men det betyr ikkje at ein ikkje treng hjelp eller treng nokon å snakke med. Hadde det vore berre den eine som har det aller verst i heile verda som skulle fått hjelp hadde det vore fleire milliardar som ikkje skulle fått det og det gir jo ingen meining. Ho har lov til å vere fortvila og lei seg sjølv om nokon andre eventuelt har det verre. Det hadde nok ho meint sjølv også dersom det var du som hadde det vanskeleg - at du ikkje hadde trengt å ha det «verst» for å kunne vere lei deg.   
Eg tenkjer også at ho godt kan ha nytte av å snakke med nokon vaksne som ikkje er hennar foreldre. Det kan vere lettast å gå til helsesjukepleiar på skulen eller til Helsestasjon for ungdom - begge stader kan ho gå uten at foreldra er med. Du kan jo kanskje tilby deg å følge henne dit dersom det er OK for deg og ho ønsker det sjølv også? Det er gyldig fråvær. Eit anna tips er å ta kontakt med Familievernet. Familievernet/Familievernkontoret tar seg av saker der det er vanskar i familien - slik det høyres ut som det er her. Dei tar seg av saker av ulike alvorlighetsgrader og kan snakke med alle dei involverte. 
Det er urovekkande at venninna di røyker og snuser for å få det betre. Kanskje gir nikotinet ein form for «ro» i korte perioder men på lenge sist vil dette gjere helsa hennar dårlegare. Det er derfor viktig at ho tar kontakt med hjelp fort så dette vanskelege kan snu. 
Eg ynskjer dykk begge alt godt! Hugs at du er ein god ven men at du ikkje kan fikse dette aleine.
Med vennlig hilsen psykologen
Besvart: 9.8.2023
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

