Har tvangstankar som er irriterande, oldemor/far døde då eg slutta med det
Jente, 15
Har tvangstankar som er gange stressande, har hatt det i nokon år no og tenker eg må slutte, men når eg slutter det noko gale. Som en gang bestemte eg meg får så slutte og nåken dagar seinare døde oldemora mi, og eg følte det var min feil fordi eg hadde en tvangstanke om ho, og om eg ikkje gjor det så døde ho. Det samme med så oldefaren min døde, berre nåken dagar før eg slutta led tvangstankane. Eg føler eg må stoppe, men at eg er liv redd for at noko kom til å skje med familien min og at det er min feil? Det virker veldig rart, men eg skjønner ikkje kva som skjer skjølv. Nokon gangar får eg tvangstankar om å ta skjølskading, men det har eg unngått no, men før unngjekk eg det ikkje. Eg har konstant tvangstankar om å gjere ting og det er sjukt iriterande og stressande, ka skal eg gjere?
Svar
Hei du!
Så fint at du tar kontakt når du har det vanskeleg.
Det er veldig tungt å ha mykje tvangstankar. Og tvangstankane fungerer på den måten du fortel om no - at dei skremmer deg met at du "må tenke ditt og datt eller må gjere ditt og datt for dersom ikkje så skjer det og det". Det er INGEN samanheng mellom tankane dine og dødsfallene til oldemor/far. Du kan ikkje styre liv og død med tankane dine. Det er ein tilfeldighet at dette har skjedd. Oldeforeldre er gamle og kjem til å døy (andre også sjølvsagt men oldeforeldre er ofte eldst i ein familie så det er naturleg at det skjer med dei fyrst). Det høyres ut som at du har hatt tvangstankar over lang tid og dette vil sjølvsagt føre til at på den tida der du har tvangstankane så vi det skje tragiske/triste ting før eller seinare - både i din familie men også i samfunnet og verda ellers. Dette har ingenting med tankane dine å gjere og blir dermed ein "falsk samanheng".
Det er ingen som har tvangstankar som handler om gode ting. Med andre ord får tvangstankar "grepet sitt" på den det gjeld nettopp fordi tankane sitt innhald er vanskeleg/tabu. Det kan handle om vald, død, pedofili, seksuelle ting, blasfemi/ikkje tenke "godt" om Gud (mest utbredt hos kristne) osv. Med andre ord ligg det i tvangstankane sin natur at dei handlar om ekle/vanskelige/skremmande ting - ellers hadde dei ikkje fått så mykje makt over personen. Dette er heilt normalt og ikkje noko som er galt/rart med deg.
Det du bør gjere for å bli kvitt tvangstankar er at du lar tankane komme uten å gjere noko for å få dei vekk. Det er så lurt å ikkje gjere noko for å dempe tankane, f.eks prøve å passe på at må gjere sånn eller sånn når tankane kjem. Du bør heller prøve å få fleire tankar - altså vise med handling at du ikkje er redd tankane (sjølv om det motsatte er sant). Etterkvart som tankane får mindre merksemd vil dei også sleppe taket til slutt. Det viktigaste er altså å la dei komme (ikkje presse vekk) og å ikkje gjere handlingar eller annan "demping" (også kalla sikkerhetsstrategiar/sikkerhetsatferd) for å "passe på" at det som tankane seier ikkje skjer.
Dersom du treng behandling for tvangsliding/OCD så må du ta kontakt med fastlegen din og be om henvisning til psykolog.
Ynskjer deg alt godt og masse lykke til!
Med vennlig hilsen psykologen
Besvart: 2.7.2024
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
