Spørsmål og svar

Har likt han i 2 år og klarer ikkje å slutte å tenke på han.

Jente, 13

Hei eg liker ein gutt man han var akkurat sammen med beste venninna mi i 1 dag og han slo opp fordi at han har mye å tenke på og han skal flytte etter sommerferie til Oslo. Men eg har likt han i 2 år og eg klarer ikkje å slutte å tenke på han. Hva skal eg gjere. Og eg spørte han for 1 år siden og da sa han nei og eg liker han myeeeee.

Svar

Hei!

Eg skjønner godt at dette er vanskeleg, og at du helst har lyst til å gjere noko med denne forelskelsen.

Dessverre synest eg det kan verke som det ikkje vil vere så lurt å prøve å få til noko med denne guten. Ein grunn er at han snart flytter til Oslo. Det er heller ikkje noko godt tegn at var saman med bestevenninna di i ein dag, og så slo opp med ho.

Det lureste er nok å prøve å forsone deg med at det ikkje blir noko mellom dokker, vondt som det enn kan vere.

Husk at det ikkje er noko galt med deg, sjølv om han ikkje føler noko for deg. Det er berre kjemien som ikkje stemmer, og du er kjempeflott som du er!

Det kan godt hende at følelsene dine kjem til å dempe seg når han flytter, og du ikkje ser han like ofte. Før den tid kan det hjelpe å prate med nokon, eller skrive ned kva du føler, for å få ut litt damp. Det er tungt å vere forelska i nokon som ikkje føler det same tilbake, men vi kjem oss som regel over det<3

Ynskjer deg alt godt!

Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no

Besvart: 23.2.2022

Vi har valgt ut dette for deg

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål