Tør ikkje legge drømmegutten til å snap, redd for hva han tenker om meg.
Jente, 17
Vet ikke helt hva slags tema jeg skulle velge hehe.. Hvertfall, eg gudde på en gutt som liksom æ den drømmegutten. Men han vett ikkje heilt kem eg er. Så vil liksom legge han til på snap å bli bedre kjent med han og sånn. Men problemet æ, at eg på en måte tørr ikkje. Eg liksom syns dæ er skummelt å legge til folk, å snakke me dei og sånn. Er redd hva andre tenker om meg, hva eg skal svare på de snappene eg får osv. Hvertfall når det er en så attraktiv person. Er redd for at eg ikkje er spennende nok eøler at han ikkje liker meg, eller syns eg er teit eller feit. Vet ikkje heilt hva eg skal fram til hehe. Har liksom opplevd litt av hvert før når eg har lagt til gutter på snap.. Ja så vet ikkje heilt hva eg skal gjøre. Hvordan kan jeg beherske denne frykten på en måte. Hvirdan kan eg bli meir tøff å tørre å gjere ting eg ikkje liker. Ja håper dere forstår hva jeg prøver å si. Ble ikkje så veldig bra formulert hehe..
Svar
Hei!
Eg skjønner kor skummelt det kan vere å legge til denne guten på snap (og eg synest du formulerte deg godt)!
Å ta det første steget når ein følar seg kjedelegare eller mindre kul enn den man skal ta kontakt med, kan vere skikkelig vanskeleg. Spesielt om du allereie har dårlege erfaringar med å gjere det same før. Da er det lett å tenkje at det kan gå på same måte igjen.
Men om du ikkje prøver, finn du kanskje aldri ut om det er nokre gutar som er annerleies enn dei du har lagt til på snap før? Og om dette er drøymeguten, vil du kanskje angre meir om du ikkje prøver, enn om du prøver og det ikkje går?
Det andre du kan gjere, er å øve deg på å tenkje betre om deg sjølv.
Når du ser deg sjølv i spegelen, øv deg på å sjå etter noko du liker ved deg sjølv, heller enn noko du ikkje liker. Sei gode ting til deg sjølv. Ja, denne guten er kanskje attraktiv, men det er jo du også! Du er både spennande nok, kul nok og flott nok til at han skal kunne like deg. Om du tar kontakt med han, er han heldig som får bli kjent med deg.
Du kan for eksempel skrive ned komplimentar du får, og lese gjennom dei av og til.
Dessutan føler dei fleste av oss at vi er mindre kul enn den vi er forelska i. Men dette går ofte to vegar - Om han blir forelska i deg, vil han føle det på same måte!
Når du tar kontakt med han, er det lov å "fake" litt sjølvtillit. Prøv å ikkje tenke så mykje over akkurat kva du skriver, men hald det lett og lekent. Om du trår litt feil, og seier noko litt rart, er dette også en del av flørtinga. Det gjer ikkje noko, og han kjem sannsynligvis ikkje til å tenke noko meir over det. Våg å flørte med han, sjølv om det er skummelt. Vis at du er interessert i han ved å stille han spørsmål, og å seie fine ting til han. Du har ikkje noko å tape, berre noko å vinne.
Stol på deg sjølv, og kor flott du er! Dette klarar du!
Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no
Besvart: 30.8.2022
Oppdatert: 30.8.2022
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål


