Spørsmål og svar

Har ein kul på innsida av kjønnsleppa. Er det kreft?

Jente, 13

Hei! Eg sendte eit spørsmål i går om at eg hadde ein kul på innsida av kjønnsleppa (trur eg) kulen va på størrelse med ein ert, og gjorde litt vondt viss eg tok på han. Den er liksom på starten av tissen. Men uansett, i dag oppdaga eg at den har blitt litt større (ikkje så mye, men berre litt) og så har den blitt litt spissere på ein måte. Eg har prøvd å klemme på den for å sjekke om det kan vere ein kvise, men det kom ikkje noko ut av den. I dag har den gjort vondt nesten heile tia, når eg går og av og til når eg sitt. Også viss eg er borti den. Eg har hatt mensen dinne uka og har jo brukt bind, og eg lurar på om det kanskje har noko med det å gjere siden det har vore varmt dei siste dagane? Eg har også brukt litt tettsittande shortser, men det gjer vondt å ha dei på no. Eg er veldig redd for at eg har kreft, for eg vil jo ikkje døy når eg berre er 13 år! Er det sannsynleg at eg har kreft? Eg håpar dere svarer så fort og bra dere kan!<3 (eg oppdaga kulen på laurdag og da klødde den)

Svar

Hei kjære deg.

Du har fått ein kul på innsida av kjønnsleppa.

Det er ganske vanlig å få små prikker, kuler, klumper på kjønnsleppene og i underlivet. Dette kan ha flere årsaker.

Det kan f eks være betente talgkjertler (eller andre kjertler). I underlivet har vi mange, små kjertler (både jenter og guttar). Desse kan bli tilstoppa og betente, nesten som kviser. Dei bruker ofte å gå over av seg sjølv, men gjer dei ikkje det, bør ein gå til lege.

Det kan også være andre årsaker til kuler i underlivet. Men hos så unge som deg, er det ekstremt sjeldan med kreft! Så statistisk sett er det lite truleg at dette er kreft! Det høyrer heller ikkje ut som kreft, kreft "oppfører" seg ofte litt annleis.

Du spør om mensen og bind kan ha med dette å gjere, og det tenker eg at det kan. Kjertler kan lettare bli tilstoppa og betente om det er tett.

Eg kan ikkje seie sikkert kva denne kulen din kjem av. Det kan eg ikkje gjere når eg ikkje har undersøkt deg sjølv.

Det vanlegaste er at slike kuler er betente kjertler, og at dei forsvinn av seg sjølv. Betente kuler er ufarlige, men kan være plagsomme og vonde.

Så om denne kulen ikkje forsvinn eller blir mindre i løpet av få dagar (eller allereie no, om det er for vondt og ille), bør du gå til lege.

For ein lege er eit underliv like interessant som ein ellboge/albue. Legar ser ikkje på underlivet i seg sjølv, men ser etter teikn på betennelse og andre medisinske ting. Så det treng slett ikkje vere flaut eller rart å gå til lege med ting i underlivet.

Legen har full taushetsplikt. Du kan ta med deg ein forelder til lege, men forelderen kan gå ut akkurat når du skal bli undersøkt (dersom du vil det) - eller forelderen kan bli, det kan du bestemme sjølv. Du har rett til å bestemme sjølv kva du vil, når du er hos lege.

Snakk gjerne med foreldrene dine om dette. Det er utruleg vanleg med små betennelser og kviser (og kuler) i underlivet, så dette er ofte noko foreldre har hatt sjølv.

Masse god betring!

Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no

Besvart: 22.6.2023

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål