Eg har så lyst på sex, korleis få til det?
Jente, 18
I det siste har eg hatt veldig lyst på sex. Og syns dette er veldig vanskelig og flaut. Eg har ikkje ein kjærast, men ønsker meg det. Men eg syns det er så vanskelig å bli kjent med gutter siden eg har blitt utsatt for seksuelt overgrep når eg var liten og blitt mobbet av nokon gutter. Eg er redd for gutter egentlig, så derfor er dette ekstra vanskelig. Det var ein gong på ungdomsskulen eg likte ein gutt, han var snill og eg var ikkje redd han. Han var ein populær gutt, som bur langt vekke nå. Eg har ikkje hatt så mange seksuelle tanker før siden eg har prøvd å unngått dette siden det får fram minner om det som har skjedd tidligere. Men eg har så lyst til å finne nokon å ha sex med, men eg er så sjenert og redd. Eg har i det siste lest fanfiction med sex, og dette tenner meg på. Men eg er ikkje kjent med kroppen min siden eg har unngått å lære om det siden det kan komme minne av kva som skjedde når eg var liten, eg veit ikkje heilt kva eg skal gjør.
Svar
Hei!
Så fint du skriv til oss på ung.no
Du fortel at du har vore utsett for seksuelle overgrep. Det kan gjere det vanskeleg å finne ut av seksualiteten sin både åleine og saman med ein partner. Opplever du at overgrepet enno plager deg og held deg attende frå å vere den personen du ynskjer å være, tilrår eg deg å snakke med nokon om det slik at du kan få det betre og går vidare. Helsestasjon for ungdom i kommunen din er fin å snakke med. Synes du det blir for tett, kan du sjekke ut anten Alarmtelefonen eller ungdomsklinikken Sex og samfunn.
Uansett kva du vel å gjere eller ikkje, er det fint om du bruker litt tid på å bli kjent med deg sjølv som ein seksuell person. Det betyr å tenkje gjennom kva det er som gjer deg kåt og kva for seksuelle fantasier du har. På den måten kan du finne ut av kva du kan tenkje deg å gjere saman med nokon.
Det er og fint å bli kjent med kroppen din. Prøv deg fram og kjenn etter kvar på kroppen det er godt å verte teken på og på kva måte. Det er og fint å bruke tid til å sjå på korleis kjønnet ditt ser ut og bli kjent med dei ulike delane. Kjenn etter korleis du liker å ta på deg sjølv, korleis du liker å onanere og kva det er som skal til for at du får orgasmer eller andre gode opplevinger.
Sjølv om du kan kjenne det skummelt å skulle bli kjent med kroppen din, vil det være nyttig for deg å bli tryggare på kva du liker og kva du vil og treng av ulike stimuleringer. Får du betre sjølvtillit, vil det og være lettare å tørre å ta kontakt med nokon. I tillegg vil du gje deg sjølv orgasmer og andre gode opplevinger - berre det er fint i seg sjølv.
Håper svaret var til hjelp for deg!
Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS
Besvart: 24.5.2023
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
