Spørsmål og svar

Eg lurer på om han trur vi skal ha sex når vi skal sjå Netflix og chille.

Jente, 13

Hei! Eg har blitt invitert på «netflix og chill» med en gutt som er 1 år eldre enn meg. Vi er egt gode venner å har hengt ilag før, men da var en av bestevennene mine med og hans bestevenn var der. Men når han spurte meg (via snap) svarte eg «seff». Vi har snakka mykje på snap og vi snakka ilag på facetime for noen dager siden. Men uansett. Eg er veldig redd for at han trur at vi skal ha sex. Eg trur ikkje eg er heilt klar for det, sjøl om eg er veldig gla i han. Men eg vil at han skal vere klar over at eg bare kjem for å sjå en film og ikkje ha sex. Og eg vil ikkje sei det til han på en klein måte. KA SKA EG GJERE?!

Svar

Hei!

Så fint du skriv til oss på ung.no

Det er ikkje så uvanleg at ein trur "Netflix og chill" betyr at ein skal ha sex. For dei fleste betyr det nok det, sjølv om ein ikkje alltid trur det skal skje. Kanskje voner han de skal gjere noko seksuelt saman, kanskje ikkje. Det kan og vere at han ikkje heilt forstår kva "Netflix og chill" er, sjølv om dei fleste altså gjer det.

Sidan du mest sannsynleg snakker med han på Facetime eller Snap før du treff han neste gong, kan du sei at du gler deg til å sjå Netflix med han og spørre kva han har lyst til å sjå. Du kan og seie at det er det de skal sjå på som er viktig for deg, og at chill biten sjølvsagt ikkje er aktuelt for deg enno.

Det å vere tydeleg på kva ein ynskjer og ikkje kan vere ubehageleg, men det er den einaste måten ein kan få andre til å forstå det ein sjølv tenkjer. Ingen kan lese tanker og då må ein sjølv vere tydeleg.

Får du ikkje til å snakke med han før de møtes, er det ok å vite at det ikkje er rart eller feil å seie nei eller stopp om han tek initiativ til noko seksuelt. Du kan når som helst seie stopp og eventuelt gå. Er han ein ok fyr, vil han både forstå og akseptere det heilt fint.

Håper svaret var til hjelp for deg!

Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS

Besvart: 14.11.2022

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål