Hopp til hovedinnhold
Spørsmål og svar

Ho har ikkje lyst på sex lengre, kva gjer eg?

Gutt, 20

Hei, eg og kjæresten min har ikkje sex lengre. Vi har ikkje hatt sex på over 3mnd nesten no, det var ikkje slik før vi kunne ha sex kvar dag og flere ganger i løpet av dagen og ho var gira til det. Dei siste mnd så vil ho aldri og det går veldig ut over meg, ikkje fordi eg er med ho for sex men føler det er viktig for meg i ett forhold. Vi har prøvd å få snakka om det men ho veit ikkje koffor ho har blitt sånn, ho har prøvd å snakke med folk om det men vi finner ikkje ut av det. Ho seie at ho ikkje vil ha sex med meg eller generelt som er ganske sårande. Eg blir ofte hard og for lyst til sex når det er bra steming mellom oss og eg er glad, så når eg prøver meg så vil ho aldri lengre og da merke eg at energien min blir helt tom og humøret mitt går ned. Det har komt til ett punkt eg driver å runker mykje heime og må se på porno og eg hata det fordi eg vil bare vere seksuell aktiv med ho, så eg veit ikkje ka eg skal lengre, det hjelper ikkje å snakke om det med ho heller da ho lei seg

Hei!

Så fint du skriv til oss på ung.no når du lurer på noko.

Lysta på sex kan endre seg etterkvart som ein har vore kjærester ei stund. I byrjinga kan ein kjenne seg kåt stort sett heile tida og kan godt ha sex fleire gonger om dagen. Etterkvart roer det seg og ein kan framleis ha lyst på sex, men ikkje så ofte som i byrjinga.

Nokre kan oppleve at lysta på sex forsvinn heilt. Det kan kome av alt frå biverknader av legemidler, til at sexen har vorte kjedeleg eller at ein rett og slett ikkje kjenner noko seksuell tiltrekning til kjærasten sin. For nokre kan brå endring av sexlyst og kome av traumatiske eller vonde opplevinger.

Du seier ho blir lei seg når de snakker om det og at ho har prøvd å få hjelp. Skal ho, og du, oppleve endring i sexlivet dykkar, er det både fint og viktig at ho snakker med nokon som faktisk kan hjelpe henne. Helsestasjon for ungdom er ein slik plass. Ho kan og snakke med fastlegen sin.

Slik eg les spørsmålet ditt er du ganske fortvila over situasjonen. Du skulle ynskje de kunne ha sex igjen og at du ikkje brukte porno. Om ho får rett hjelp vil dette kunne løyse seg heilt fint for dykk båe slik at de kan byrje å ha sex att og du slepp å skamme deg over å måtte runke og sjå porno.

Håper svaret var til hjelp for deg!

Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no

Besvart: 16.10.2026

Vi har valgt ut dette for deg

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål