Spørsmål og svar

Kva skal eg gjere for å få meir lyst på sex?

Jente, 16

Hei, eg har kjereste og vi er seksuelle aktive, men eg kjenner på at eg har litt lite sexlyst, eg synst det er veldig trist og eg har lyst på sexlyst. Eg veit ikkje om det berre er meg eller om det er p-pillene eller noko anna, klarer ikkje å finne ut av koffor eller korleis eg kan øke de. Vi har prøvd forksjellig siden han og synest det er frustrerende. Vi har utforska, og masse men likevel. Eg har prøvd å tatt en pause fra p-pillene no for om eg klarer å merke forksjell men det har berre vert 2 veker so langt og vi har vert ifra kverandre, ingen forskjell. eg bruker prevangsjonen melleva. kva skal eg gjere?

Hei!

Så fint du skriv til oss når du lurer på noko.

Det kan vere det er p-pillene som har gjort noko med lysten din. For å finne ut av det, vil du trenge å vere utan p-piller lengre enn det du har prøvd. Det kan og vere fint å snakke med helsesjukepleier eller lege for å finne ut om det er ein annan prevensjonstype som kan passe for deg og som ikkje reduserer lysten din på sex.

Lysten på sex kan og endre seg av andre årsaker:

  • Nokre gonger er det ingen spesiell årsak til at det skjer. Ting er i endring slik at i nokre perioder kjenner ein på lite lyst, i andre på meir.
  • Opplever du at sexlivet ditt med kjærasten din er kjedeleg og lite spanande kan lysten på sex bli redusert. Spesielt om han er mest oppteken av sin orgasme og ikkje di.
  • Manglande seksuell lyst kan nokre gonger vere slik ein forstår at forholdet er over. Det som var spanande, deileg og godt har vorte ein vane og utan kjensler av noko slag.

Så kva skal du gjere?

  • Tenk over om det er noko i forholdet eller sexlivet ditt som du ikkje er nøgd med.
  • Ta ein tur innom helsestasjon for ungdom eller legen din og snakk om prevensjon og om du burde bytte til noko anna.
  • Snakk med kjærasten din når du har funne ut av kva som gjeld for deg. Det å snakke saman om utfordringer ein har i eit forhold gjer ting enklare å endre på.

Lykke til!

Håper svaret var til hjelp for deg!

Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no

Besvart: 27.7.2026

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål