Føler meg som ein forferdelig person, og at ingen har lyst å være med meg.
Jente, 15
Hei, eg føle eg har fucka opp alt, i begynnelsen av 2021 var alt nesten perfekt, eg fikk meg mangen venna, eg var mykkje meir med dei i klassen og d var supert. Eg var med ein gjeng, men dei begynte å finne på ting uten meg, det gikk egt heilt ok. Eg begynte å vere mykkje med ei venninne som gjorde at eg også vart mykkje meir i lag med guttane i klassen. Venninna mi hadde fått seg kjæreste som eg var god venn med. I løpet av forholdet deres hadde eg snakka lit med han og løge om d i ettertid fordi eg ikkje ville at ho skulle bli sur, ho fant ut av det og no e hu veldig sur på meg. Eg har prøvd å forklare meg, men ho vil ikkje tru på meg. Etter dette har eg følt meg som ein forferdelig person, eg føler også at ingen har lyst p være med meg lenger. Eg veit ikkje ka eg skal gjere
Svar
Hei!
Først og fremst: Du er ikkje ein forferdeleg person! Det kan eg love deg. Og kvar gong du tenkjer at du er ein forferdelig person, synes eg du skal stoppe den tanken, og heller si noko fint om det sjølv.
Du har vore uheldig, og møtt folk som ikkje er gode venner for deg. Men det finnes massevis av folk der ute som har lyst til å vere med deg, om dei berre blir kjent med deg. Det må du tru på!
Når det gjeld ho venninna di: Det er ganske vanleg at ein blir ekstra lett sjalu når ein har kjæraste. Men du har ikkje gjort noko galt om du berre har snakka med kjærasten hennar. Det hadde vore vanskelegare om han hadde vore utro med deg, men det er absolutt ikkje noko galt i å snakke med nokon.
Viss du har lyst, kan du jo prøve å ta ein siste, ordentlig prat med venninna di? Eg anbefaler deg å lese artikkelen "Blitt uvenner? Slik ordner du opp" som ligg under her. Der får du nokre tips til korleis du kan ta praten.
Om ho framleis ikkje vil vere med deg, er det ikkje sikkert ho er ein bra venn for deg.
Det kan høyrest ut som at du bør få deg nokon nye venner, som setter pris på deg slik du fortjener. For ikkje ver i tvil: Du fortjener gode vener! Er det nokon av dei andre gutane som er venn med venninna di, som du kan henge mer med? Det gjeld å vere modig og ta det første steget inn i gode vennskap.
Du var godt på tur mot gode ting på begynnelsen av året, og dit kan du komme igjen!
Lykke til!
Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no
Besvart: 13.7.2021
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål


