Kvifor får eg vondt under sex?
Jente, 17
Hei! Eg får ofte vondt når eg har sex med kjærasten min. Eg veit at det kan hende at kjeden ikkje har utvida seg nok, at eg ikkje er våt nok, ... Det som er rart er, det gjer ikkje vondt når vi startar men det blir det etter kvart. Eg er våt når vi begynner, og så forsvinner det etter kvart. Vi har prøvd med glidemiddel, men det svir for meg? Eg skjønner ikkje kvifor glidemiddel gjer vondt. Det kjennes ut som det prikkar eller som om det er vatn i eit opent sår, berre mindre. Kvifor får eg vondt? Og kvifor blir ikkje det fiksa med glidemiddel, men blir det heller vondt på ein annan måte?
Svar
Hei!
Så fint at du skreiv til oss og spurde om smerter ved samleie.
Det du beskriv er ganske vanleg. Det som ofte skjer, er at jenta er kåt når samleiet startar. Då er skjeden våt og utvida og samleiet er ikkje vondt.
Etter kvart som samleiet varer, forsvinn kåtheten. Då blir skjeden tørrare og han blir trongare.
Då blir det dårleg plass til penisen i skjeden og samleiet blir vondt.
Når det same skjer kvar gong de har samleie, veit du at smertene kjem. Det kan bli som ein vond sirkel.
Kan det vera at du allergisk ovanfor det glidemiddelet de bruker? De bør ikkje bruka dette glidemiddelet fleire gonger.
Kanskje skal de tenkja heilt nytt om seksualiteten de har saman?
Det mange ikkje veit, er at det ikkje er så lett å få orgasme ved samleie for jenter.
- Det er ikkje nokon «god-kjenslevare» nervar i skjeden
- Forskning finnar ikkje noko såkalla *g-punkt i skjeden
- 70 %, eller fleire enn dette, får ikkje orgasme berre ved rørslene til penisen i *skjeden
Den lettaste måten å få orgasme på er ved stimulering av den ytre delen av klitoris, også under samleie. Det er forsking som viser at den ytre delen av klitoris har over 10 000 «god-kjenslevare» nervar.
Kanskje kan de ta ein pause frå samleie og heller lære dere å
- stimulera kvarandres kjønn til orgasme med ein finger mot den ytre delen av klitoris, ei hand rundt penis?
- eller ved munnsex/oralsex, om de liker det?
Forklar kjærasten kva du liker og nyt, kva som skal til for at du skal få orgasme.
Samleierørsler eller samleiestillingar som gjer at den ytre delen av klitoris, og dessutan området rundt inngangen til skjeden og at den nedre tredelen skjeden blir stimulert, kan gi orgasme.
Det er fleire måtar å gjera det på.
- Ei av desse stillingane er Cat-stillinga som blir nemnd i artikkelen om vanlege samleiestillingar. Du/de kan googla “drawings CAT position“, men me kan ikkje garantera for kva som kjem opp.
- Ein annan stillingar at du/de vinklar bekkenet ved å rotera, løfta eller senka bekkenet og hoftene under samleie for å justera stimuleringa slik at også det ytre kjønnet blir stimulert.
- Ein metode er å vogga, at penisen ikkje blir ført ut og inn, men at ein voggar mot kvarandres kjønn med penisen i skjeden.
- Ein annan er overflatisk stimulering i den ytre delen av skjeden. Då blir penishovudet bevega i den ytre delen av skjeden og den ytre delen av klitoris involveres
Hvis de har hatt seksualitet/samleie med andre tidlegare, er det viktig at de sjekkar dykk for kjønnssjukdommar/seksuelt overførbare infeksjonar (SOI).
Det er nokon SOI som kan gi smerter ved samleie.
De kan sjekka dykk på helsestasjon for ungdom eller de kan sjekka dykk hos fastlegen.
Snakk med kjærasten om dette. Kanskje kan de lesa dette og artiklane og snakka om det de les? Då får de god kommunikasjon om seksualitet.
Jeg håper dette er til hjelp for deg og jeg ønsker deg alt godt!
Hilsen spesialist i sexologisk rådgivning (NACS), ung.no
Besvart: 14.2.2026
Vi har valgt ut dette for deg
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål


