Spørsmål og svar

Eg lurte på kva er den beste måten å onanere på for jenter?

Jente, 15

Hei. Eg lurte på kva er den beste måten å onanere på for jenter. Kva er glidemiddel og kan eg bruke vanlig olje som vi lager mat med til å ta i vulvaen i tissen når eg onanerer.

Svar

Hei!

Så fint at du skreiv til oss og spurde om onanering.

Det vart eit langt svar. Kanskje kan du lagra det og lesa det fleire gonger?

Det er nok noko forskjell på kva ein liker.

Det viser seg at den lettaste måten å få orgasme på er ved stimulering av den ytre delen av klitoris. Det er forsking som viser at den ytre delen av klitoris har over 10 000 kjenslevare nervar.

  • Det er ikkje så lett å få orgasme ved å føra noko inn i skjeden/penetrering.
  • Det er ikkje nokon kjenslevare nervar i sjølve skjeden
  • Forskning finn ikkje noko såkalla "g-punkt" skjeden
  • 70 %, eller fleire enn dette, får ikkje orgasme berre ved penetrering

Når du skal onanera kan du

  • bevega ein våt/fukta finger opp og ned og sidevegs på den ytre delen av klitoris, alt etter det du synest kjennest best
  • Dersom det er veldig kjenslevart, kan du bruka to fingrar som ein V og stimulera på begge sider av den samtidig
  • Du kan variera trykket og farten du onanerer i

Her kan du lesa om onanering

Du kan ha ein finger eller to i skjeden samtidig med at du stimulerer den ytre delen av klitoris. Du kan også øva på vekselvis å stramma/slappe av i musklane i bekkenet.

Då aukar trykket mot heile klitoris og orgasmen kan komma raskare. Sjå artikkelen om ikkje å få orgasme når ein har samleie, avsnittet om å trena bekkenbunnsmusklene.

Du skal stramma musklane innover og oppover.

Orgasme blir merka ved at

  • intensiteten i dei gode kjenslene aukar
  • du pustar raskare, eller held pusten litt
  • musklane blir stramma
  • brystknoppane/niplane blir stiva
  • hjartet slår fortare
  • du kan sveitta
  • di kjenner gode kjensler og merke raske muskelsamantrekkingar i skjeden
    • du kan kanskje kjenna muskelsamantrekkingar i rumpe, lår, maga

Du kan bruka matoljer som ikkje har tilsetningar, altså reine oljer, til å smørja vulva med, og litt inn i skjeden, når du onanerer.

Du kan få glidemiddel gratis hos helsesjukepleiar på skulen eller på helsestasjon for ungdom.

NB: Om du skal ha samleie med kondom kan du ikkje bruka oljebaserte glidemiddel eller olja. Olje kan øydeleggja overflata på kondomet slik at det sprekk. Då kan du bruka dei du kan få gratis.

Nyt dei gode kjenslene.

Bli godt kjent med kroppen din.

Jeg håper dette er til hjelp for deg og jeg ønsker deg alt godt!

Hilsen spesialist i sexologisk rådgivning (NACS), ung.no

Besvart: 29.1.2026

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål