Korleis eg kan gjere seksualiteten betre for ho?
Gutt, 19
Hei, eg spør på vegne av kjæresten min. Dette skjedde for snart tre år sidan, og ho slit litt med det enno. Ho vart seksuelt trakassert av ein annan gut. Ho har trong fitte og klarar ikkje å vere heilt til stades når vi har sex. Eg vil hjelpe, så har du tips til korleis eg kan gjere det betre for ho? Kvar på klitoris er det best å røre ved for at ho skal komme? Kva er dei beste metodane og tipsa for å sleike fitte? Ho har berre gått til ein psykolog. Kven burde ho gå til for å få meir hjelp? Tusen takk.
Svar
Hei!
Det er bra at du skreiv til oss og spurde om korleis du kan gjera seksualiteten betre for kjærasten din.
Det vart eit langt svar. Kanskje kan du lagra det og lesa det fleire gonger?
I og med at kjærasten ikkje klarer å vera heilt til stades når de har sex/seksualitet, tilrår eg at de tek ein pause frå felles sex. Du kan onanera for deg sjølv.
Om ho ikkje er til stades i seksualiteten, er ho ikkje kåt. Om ho ikkje er kåt, er skjeden tørr og trong. Då er det vondt å ha samleie.
Kanskje strammar ho også umedvite musklane i bekkenet? Då blir skjeden endå trongare.
Om ho derimot er kåt og avslappa i musklane i bekkenet, er heile klitoris blodfylt og kjenslevar for stimulering, og skjeden er våt og utvida.
Kjærasten din treng meir hjelp.
Det er noko med å få behandla det som skjedde, som ho kanskje gjer hos psykologen?
I tillegg er det arbeidet med «å ta tilbake» kroppen og seksualiteten. Det kan ta litt tid.
Når ein har opplevd seksuell trakassering og grensekrenkingar, kan det kjennast som om det «sit i kroppen». Det er som om kroppen hugsar.
Arbeidet går ofte ut på
- å erkjenna og læra seg eigarskap til eigen kropp og seksualitet, at ein veit at ein har rett til god seksualitet
- at ein arbeidar med å finna tilbake til kåtheit
- at ein lærer seg å onanera til orgasme for seg sjølv, og kjenner at ein nytar det
- og deretter tek ei sakte tilnærming til seksualitet med ein forståingsfull *partner
Kanskje kan psykologen hjelpa henne med dette? Om ikkje, kan ho finna ein fagperson som kan mykje om dette. Se denne nettsiden. Slett.
Det er ikkje så lett å få orgasme under samleie. Den lettaste måten å få orgasme på er ved stimulering av den ytre delen av klitoris. Det er forsking som viser at den ytre delen av klitoris har over 10 000 «god-kjenslevare» nervar.
Du kan lesa om jente-kjønnet her. Heile den ytre delen av klitoris er full av «god-kjenslevare» nervar.
Korleis du tek på den kan kjærasten din lære deg, når ho er klar for det. Her kan du lese om onanering.
Dersom det er vått kjenst det betre. De kan henta ut litt skjedesekret frå skjeden når ho er kåt. De kan bruka glidemiddel.
Her kan du lese om oralsex. Du kan stoppa og spørja henne korleis det kjennest. Legg også merke til korleis ho reagerer på stimuleringa.
Snakk med kjærasten om dette. Kanskje kan de lesa dette og artiklane og snakka om det de les?
Fortsett å vera ein så god kjæraste som er!
Jeg håper dette er til hjelp for deg og jeg ønsker deg alt godt!
Hilsen spesialist i sexologisk rådgivning (NACS), ung.no
Besvart: 9.4.2026
Vi har valgt ut dette for deg
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

