Korleis velger man posisjon for første gong?
Hei, eg og kjæresten min har vært sammen litt over 2 år ❤️ Me har tatt det ganske sakte i forholdet, så me kjem nok til å ha vår første gong snart! Eg er spent og eg veit at dette er noko og ønsker og dette er den beste personen eg kunne gjort det med🥰 Men eg stresser egt ikkje så, bare noko eg tenkte over. Korleis velger man posisjon for første gong, er det bare sånn man ender opp eller bestemmer man det på forhånd, og kva om den ikkje kjem inn eller ja slam at han ikke får den inn. Kva gjer man da? Eg stresser meie om at det blir ei. Historie å fortelje og ikkje kjedeleg så stresser for det som kjem før enn omens og etter men akkurat dei to tinga har eg lurt litt på
Hei!
Så fint at du skreiv til oss og spurte om korleis ein vel samleiestilling og kva som skjer viss de ikkje får penisen inn i skjeden.
Det er nokre par som planlegg kva dei skal gjere og kva samleiestilling dei skal ha. Andre berre tek det som det kjem, og snakkar med kvarandre undervegs i seksualiteten.
Viss de ikkje får penisen inn i skjeden gjer ikkje det noko. Då kan de prøve på nytt. Ingen kan noko ein ikkje har gjort tidlegare. Alt må lærast og øvast på.
Men det er ein del ting du/de kan førebu, og snakke om.
Grunnlaget for god seksualitet er kåtskap.
- Viss du er kåt, er skjeden våt og han er utvida.
- Viss du ikkje er kåt, er skjeden mindre fuktig og han er trong.
Hugs at skjeden ikkje går rett opp, men litt inn, deretter litt bakover mot ryggsida i om lag 45 graders vinkel.
- Penisen skal litt inn, deretter litt bakover.
- Sjå denne teikninga litt ned på sida og til høgre, korleis skjeden er.
- Du kan lese meir om jentekjønnet her.
Sikre deg også at du ikkje ubevisst strammar musklane i bekkenet. Då kan den nedre tredjedelen av skjeden nesten lukke seg.
Det å ha god kontroll på musklane i bekkenet, kan gjere at du klarer å slappe av i musklane, puste sakte ut og liksom «sleppe musklane ned» idet penisen blir ført inn. Sjå artikkelen om å ikkje få orgasme når ein har samleie, avsnittet om å trene bekkenbotnsmusklane.
For å "finne" musklane kan du stoppe urinstrålen når du tissar, og så at du slepper opp og tissar vidare. Då kjenner du korleis du skal stramme musklane og slappe av i dei.
Kanskje kan de først lære dykk
- å stimulere kjønna til kvarandre til orgasme med ein finger mot den ytre delen av klitoris, ei hand rundt penis
- eller ved munnsex/oralsex, viss de liker det
Då blir de godt kjende med kva den andre liker og nýter, og de blir trygge saman.
Då kjem ofte samleie som ei vanleg fortsetjing av seksualiteten ein har saman.
Snakk med kjærasten om dette. Kanskje kan de lese dette og artiklane og snakke om det de les? Då får de god kommunikasjon om seksualitet.
Det er mange artiklar og mye å lese. Kanskje kan du lagre svaret?
Jeg håper dette er til hjelp for deg og jeg ønsker deg alt godt!
Hilsen spesialist i sexologisk rådgivning (NACS), ung.no
Besvart: 17.10.2026
Vi har valgt ut dette for deg
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

