Spørsmål og svar

Korleis si til mamma at eg har sjølvskada meg?

Jente, 18

Eg har lenge hatt det veldig vanskelig av ulike grunner. Eg får nå hjelp med dette og går i behandling. Er langt frå målet, men på vei. Som en del av dette har eg lenge slitt med selvskading. Eg har kuttet meg selv. Nokon gonger litt dypt. Eg har prøvd å slutte med de for eg veit det er dumt. Har nå ingen opne sår, men har mange tydelige arr spesielt på venstre overarm. Det er veldig openbart at det er selvpåført. Ingen har sett armen min på mange måneder og mamma veit ikkje at eg selvskadet. Eg går alltid med langermet genser, men nå nermer vår og sommer seg og eg veit ikkje kva eg skal gjøre. Kan ikkje akkurat dekke meg til for alltid, men veit ikkje korleis eg skal fortelle spesielt mamma om det. Er det liksom greit å gå rundt med t skjorte slik at arra visest? Eg veit ikkje kva eg skal gjøre og det stresser meg. Bør eg skjule dei? Er det nokon måte å få dei til å synest mindre? Eg veit virkelig ikkje kva eg skal gjøre.

Svar

Hei!

Takk for at du skriv til oss om korleis du har det og kva som plager deg. Det er fint å høyre at du får hjelp. Det er allereie eit stort steg.

Her kjem noen råd til korleis du kan snakke med mamma og kva du kan gjere når veret blir varmare.

  • Forsøk å si til mamma at det er noko du må fortelje, men som du opplever vanskeleg å skulle si. Då er mamma litt førebudd på at dette er vanskeleg, men også viktig for deg.
  • Vis gjerne arra samstundes som du forklarer at dette er noe du har gjort. Då er du rett på sak og mamma kan få sjå arra med ein gong.
  • Fortell kvifor du seier dette no, og forklar bekymringa di rundt somaren og det å bruke t-skjorte. Eg er ganske sikker på at mamma vil forstå deg og ikkje minst sette pris på at du fortel. Det skaper ofte tillit.
  • Våg å øve deg på å bruke kortare gensere eller t-skjorter når du er saman med folk du er trygg på. Då kan du kjenne at dette går bra og det kan ofte gjere det letteare for å øve seg meir.
  • Lag deg gjerne ei setning som du har klar om noen skulle spørje om kva arra kjem av. Det kan gje tryggleik for deg sjølv.
  • Hugs at du også kan prate med helsesjukepleiar i skulehelsetenesta om dette. Saman kan dykk lage ein plan og du kan få støtte for å våge og øve deg.

Lykke til!

Hilsen helsesykepleier i ung.no

Besvart: 22.3.2026

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål