Hon har gått imot meg og blitt venn med dei som eg pleide og være med
Jente, 14
Hei, eg kjem fra en liten plass der d ikkje er så mange jenter som man kan bli venn med. Og eg har en jente i klassen som har ganske mykje makt over dei andre jentene. Fordi hon går ganske fort lei av dei andre jente først så er hon veldig god venn med en av jentene sånn kanskje i eit halvt år men så bytter hon venn igjen og då stenger hon alle dei andre ute og no har hon gått imot meg og blitt venn med alle dei tre andre jentene som eg pleide og være med når hon var venn med bare en jente å no stenger dei meg ute. Vi har tre andre jenter i klassen men eg går ikkje så veldig overens med dei fordi dei fordi vi er ulike og eg har ikkje det like kjekt med dei en med dei som utestenger meg akkurat no og når dei er ute med kverandre sender dei alltid snapper av kverandre og når dei e heime og ikkje gjer noke så snappa dei ikkje med meg i det heile tatt og når eg prøver og gå bort til dei i friminutta blir det helt stilt og så seie hon kom så går vi ditta blei kjedelig, lure på kvaeg kangjer
Svar
Hei!
Så kjipt å høyre at du blir utestengt på den måten. Det er ikkje greit, og eg synest du skal ta det opp med ein av lærarane dine, eller helsesjukepleiar på skolen du går på. Dei kan hjelpe deg, og snakke med ho som utestenger andre etter tur om det ho gjer. Du fortjener mykje betre enn dette!
Eg synest ikkje det høyres ut som dei som utestenger deg er nokon du skal bruke meir tid på, når dei behandlar deg slik dei gjer. Men dei tre jentene som du ikkje kjem så godt overens med akkurat no: Dokker er ulike, men kanskje vil det vise seg at dokker passar betre saman enn du trur akkurat no? Kanskje vil det endre seg når du blir litt betre kjent med dei? Prøv å finne litt artige ting dokker kan gjere saman, gjerne noko ganske fysisk. Da får dokker bli kjend på ein annan måte.
Du kjem frå ein liten plass, men finst det nokre fritidsaktivitetar der du bur? Det kan være ein god idé for å finne deg eit anna miljø, og bli kjent med andre på din alder.
Eg ønskar deg alt godt, og håpar dette ordnar seg!
Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no
Besvart: 27.12.2021
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål


