Spørsmål og svar

Eg klarer ikkje å konsentrere meg, kva gjer eg?

Jente, 13

Hei. Eg får ikkje med meg så mykje i timane. Eg synest det er vanskelig å skulle lese, sidan eg må lese opp att alle setningane siden eg gløymer dei. Eg greier ikkje å fokusere på matematikk eller andre fag i lengre tid. Eg sliter med selvbilde og har uheldigvis ein bestevenn som har drømmekroppen og snakkar om det heile tida, og kor mykje ho trenar. Eg har ikkje flat mage. Eg tenker mykje og overtenker alt. Eg kan sjå folk sine følelser rett gjennom. Og det er ikkje noko gøy, eg legg merke til alle små detaljar i fjeset for å vere sikker på at eg ikkje er irriterande. Eg blir lett sint, glad, sur og lei meg. Eg er veldig emosjonell. Og er veldig rastlaus. Eg pleier å bite og tygge på innsida av munnen min 24/7. Og det er kvite bitemerker og klumper i kjakene mine. Eg veit ikkje kva eg skal gjere for å få det bedre, og kva som feiler meg ein gong. Kva skal eg gjere??

Svar

Hei!

Takk for at du skriv til oss.
Det er sjølvsagt ikkje godt å oppleve at du strever med å følgje med og er rastlaus.

Å kjenne at du også slit med sjøvbiletet og kanskje lett samanliknar deg med venninna di kan gjere at du ikkje har det så bra.

Samtidig er det mogleg å få det betre.
Her kjem noen råd:

  • Forsøk å notere ned det du strever med. Lag ei liste og del inn i kva du kan gjere noe med og kva du ikkje får gjort noe med. Dette er ein måte å rydde i tankar på.
  • Snakk med læraren din om kva du opplev. Det er nyttig at lærarane veit om dette. Du har rett på hjelp og difor nyttar det å fortelle om dette.
  • Forsøk å trygge deg på at andre likar deg og at du ikkje treng å overtenke eller tyde alt kroppsspråk. Det er slitsomt og kan gjere at du stressar meir enn du treng.
  • Gjer noe du sjøl likar. Det kan ofte gjere at en får gode tankar og trivast betre.
  • Snakk gjerne med dei du bur saman med. Det kan vere godt at dei veit om kva du går å kjenner på.

Håper svaret kan være til nytte.

Hilsen helsesykepleier i ung.no

Besvart: 23.5.2026

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål