Orker ikkje meir. Vil ikkje dø men orker ikkje leva meir
Jente, 13
Eg orker ikke meir. Eg gider ikke å leva lenger alt er bare så vanskelig eg klarer ikke meir. Eg driver med sjølskading ofte og klarer ikke og stoppe. Eg går til BUP men eg føler det ikke hjelper. Eg har bynt og å skriva for vel brev og har bynt og blanlege det. Men på ein måte vil eg ikkje dø men eg orker ikke å leva lenger.
Svar
Hei du
Du må gje beskjed til behandlaren din på BUP om korleis du har det. Det er spesielt viktig å fortelle dette med farvel-brev og sjølvmordstankar. Dette er det som er fyrst på lista av viktige ting.
Sjølvskading treng ikkje å bli direkte farleg i seg sjølv men det er heller ikkje ein god måte å jobbe med seg sjølv og sine vanskar på. Dei underliggande vanskane blir ikkje betre av sjølvskading sjølv om nokon vil formidle at det blir litt "betre" ei kort stund når ein skadar seg sjølv. Det er lurt å ta tak i dei grunnane som ligg bak sjølvskadingen - kva er det som gjer at du treng å regulere følelsane dine på den måten? Dette er noko som er klokt å jobbe med i terapi.
Som sagt blir det viktigast å snakke med behandlaren om sjølvmordstankane i første omgang.
Du kan få hjelp når som helst på døgnet ved å ringe legevakt ved behov: tlf 116 117. Dette er spesielt viktig dersom livet ditt blir satt i fare.
Det er fint at du fortel at du ikkje egentlig ønsker å dø. Hald fast i dette! Det kan vere vanskeleg å halde oppe håpet om at ting skal bli betre når ein har det veldig vanskeleg. Eg kan halde håpet oppe for deg ettersom eg veit at det er mogleg å få det betre. Ingen tankar, følelsar eller situasjonar varer evig og du vil dermed ikkje ha det som du har det no alltid. Det er viktig at du veit om det og at du ber om hjelp og seier det rett ut korleis du har det.
Ønsker deg berre det beste.
Med vennlig hilsen psykologen
Besvart: 8.10.2024
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål